Haukelifjell skisenter

Haukelifjell skisenter er eit skisenter som ligg i Vinje kommune i Vestfold og Telemark, 10 km aust for fylkesgrensa mot Hordaland og 16 km vest for Haukeligrend. Skisenteret har 6 skiheisar og 13 nedfartar. Skiområdet strekkjer seg frå 850 til 1208 moh.[1] Nedfartane på Haukelifjell er vide, og det er gode tilhøve for køyring off-piste. Området har òg 65 km med preparerte langrennsløyper i skog- og fjellterreng.

Haukelifjell skisenter har kafeteria, sportsbutikk, utleige av ski og skiskule. I området rundt er det fleire hytter og leilegheiter. Skisenteret opna for fyrste gong i 1973.[treng kjelde]

KjelderEndra

  1. «Haukelifjell Skisenter i Telemark». visittelemark.no. Henta 22. januar 2014. 

BakgrunnsstoffEndra