Opna hovudmenyen
Det er fleire gardar med namnet Haustveit - denne artikkelen handlar om Haustveit i Ullensvang

Haustveit er ein gard i Ullensvang herad, med gardsnummer 69. Namnet er avleidd av nabogarden Hauso og utmerkinsleddet tveit.[3]

Haustveit
stad
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Hordaland
Kommune Ullensvang
Postnummer 5777 GRIMO[1]
Preposisjon Haustveit
Gardnummer 69[2]

Haustveit ligg på vestsida av Sørfjorden. Det er fem bruk på Haustveit, der det vert dyrka eple, morellar og plommer. Haustveit og Velure har stølen Samladal med gode beite for sau.

HistorieEndra

BygdebokaEndra

I bygdeboka Odda, Ullensvang, Kinsarvik står det fylgjande om Haustveit:
«Haustveit er yste (nordlegaste) garden som høyrer til Ullensvang sokn på vestsida av Sørfjorden, og grensar mot Hauso I Kinsarvik sokn. Etter namnet skulle skulle ein tru at Haustveit er utskjilt frå Hauso men garden har naturleg samanheng med gardane innanfor og synest altid å ha sokna til Ullensvang. Haustveit er nemnd fyrste gongen I 1365 og namnet er då skreve Hausatveit, I 1521 Hossetwed litt seinare Hawassatweit, I lang tid skreve Hauastved no Haustveit slik folk seier.»

HåhaugsteinenEndra

Håhaugsteinen er ei stor steinblokk med helleristingar som ligg på ei beitemark på Haustveit. På steinen er det rissa inn mellom anna båtar, ringfigurar og dyr.[4] Håhaugsteinen er freda.[5]

Eigedomstvistar i 1365 og 1389Endra

I eit diplom dagsett 28. mai 1365 på Vossavangen vert Haustveit nemnt i ei sak som gjeld ein eigedomstvist. Der står det at det er ein eplehage («epplagardenn»[6]) på Haustveit.[7] Det skal ha vore engelske munkar frå Lysekloster som byrja med epledyrking i Sørfjorden kring 1300. Dei heldt til på Opedal på austsida av fjorden.[8] Eigedomstvisten vart løyst den maidagen på Voss og partane tok kvarandre i handa og var samde. I 1389 ser det ut til at nokre av etterkomarane deira var komne i tvist om same eigedommane, men denne gongen er eigedommen på Haustveit omtala som urtehage («gras gardin»[9]).[10]

ReferansarEndra