Haute-Garonne
Haute-Garonne | |
---|---|
![]() | |
Våpenskjoldet til Haute-Garonne | |
Plassering | |
![]() | |
Administrasjon | |
Departmentnummer: | 31 |
Region: | Midi-Pyrénées |
Préfecture: | Toulouse |
Sous-préfectures: | Saint-Gaudens Muret |
Arrondissement: | 3 |
Kantonar: | 53 |
Kommunar: | 588 |
Président du conseil général: | Pierre Izard |
Statistikk | |
Folketal | Rangering 17. |
-2005 | 1 155 838 |
Folketettleik: | 183/km² |
Landareal¹: | 6 309 km² |
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km². | |
![]() |
Haute-Garonne (oksitansk: Nauta Garona, norsk Øvre Garonne) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées, og er kalla opp etter elva Garonne.
HistorieEndra
Haute-Garonne er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Languedoc.
GeografiEndra
Departementet er i dag ein del av regionen Midi-Pyrénées og grensar til departementa Hautes-Pyrénées, Gers, Tarn-et-Garonne, Tarn, Aude og Ariège. Det grenser òg til Spania i sør (provinsane Lleida og Huesca).
Elva Garonne renn nesten 200 km gjennom departementet. Lengst sør ligg Pyreneane og det høgaste punktet i departementet er Perdiguère med ei høgd på 3 222 meter over havet.
DemografiEndra
Innbyggjarane i departementet vert på fransk kalla Haut-Garonnais. Den største folkesetnaden bur rundt Toulouse. Dei sørlege områda er tynt folkesett.