Opna hovudmenyen

Hautes-Pyrénées

franske departement
Hautes-Pyrénées
Våpenskjoldet til Hautes-Pyrénées
Plassering
Plasseringa til Hautes-Pyrénées i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 65
Region: Midi-Pyrénées
Préfecture: Tarbes
Sous-préfectures: Argelès-Gazost
Bagnères-de-Bigorre
Arrondissement: 3
Kantonar: 34
Kommunar: 474
Président du conseil général: François Fortassin
Statistikk
Folketal Rangering 84.
 -1999 222 638
Folketettleik: 50/km²
Landareal¹: 4 464 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Hautes-Pyrénées (oksitansk Nauts Pirenèus / Hauts Pirenèus) er eit departementet sørvest i Frankrike. Departementet ligg i regionen Midi-Pyrénées.

HistorieEndra

Departementet var tidlegare ein del av Bigorre, eit grevskap som til tider var sjølvstendig, men seinare ein del av den franske provinsen Gascogne. Store delar av området vart halde av engelskmennene etter traktaten i Brétigny i 1360. På 1500-talet var det ein del av hugenottområdet til monarkane av Navarre, som Henrik IV førte til Frankrike.

GeografiEndra

Hautes-Pyrénées er eit fjellkledd jordbrukslandskap med landsbyar, gardar, sletter, seterjorder og svingande fjellvegar. Departementet ligg på grensa til Spania, og grenser òg til dei franske departementa Haute-Garonne, Gers og Pyrénées-Atlantiques. Hautes-Pyrénées ligg sentrert rundt fjellet Mont Perdu.

LourdesEndra

For meir om dette emnet, sjå Lourdes.

Ein av dei mest vidkjende byane i departementet er Lourdes. Heilagdomen Vår frue av Lourdes har utvikla seg til ein stor turistattrasksjon. I dag har Lourdes om lag 17 000 innbyggjarar, men tar imot 5 millionar pilegrimar og turistar kvart år. Lourdes har nest flest hotell i Frankrike etter Paris, om lag 270 stykk.

BakgrunnsstoffEndra

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Hautes-Pyrénées