Havregryn er valsa, heile gryn av havre. Produktet blei opphavleg framstilt til å laga havregraut av, men ein kan også eta rå havregryn med mjølk og tilsetjingar som sukker eller rosiner til.

Havregryn

Det var kring 1900 at ein byrja valsa havregryn, og med det blei havregraut populær som frukost.

Havre har eit høgt feittinnhald i høve til andre kornslag, og det krev ein særskild behandling for å unngå at feittstoff blir harskt før havregryna kan brukast. Havren blir difor dampkokt ei god stund før han blir tørka, gjenoppvarma og valsa.[1]

Havregryn kan brukast som ingrediens i bakverk, som havregrynkuler.

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Søgaard, Ane Bodil, «Historien om havregryn», J.A.K. bladet, 2-2008, arkivert frå originalen 27. februar 2009, henta 27. september 2008