Hawija (arabisk الحويجة, Al Hawyjah) er ein by i Al-Hawija-distriktet i Kirkuk guvernement i Irak, 45 km vest for Kirkuk, og nord for Bagdad. Byen har kring 100 000 innbyggjarar.

Hawija
by
Land  Irak
Guvernement Kirkuk guvernement
Distrikt Al-Hawija-distriktet
Høgd 190 moh.
Koordinatar 35°19′30″N 43°46′20″E / 35.32500°N 43.77222°E / 35.32500; 43.77222
Folketal 100 000
Tidssone AST (UTC+3)
Kart
Hawija
35°19′24″N 43°46′26″E / 35.323249°N 43.7739944°E / 35.323249; 43.7739944
Wikimedia Commons: Hawija

Under Irakkrigen vart amerikanske og irakiske styrkar utsette for fleire dødelege åtak i området frå opprørske sunni-muslimar. I mars 2006 vart området kring Hawija rekna som eit av dei farlegaste i heile Irak og amerikanske soldatar og utanlandske presse kalla området «det nordlege Anbar», som synte til den valdelege provinsen i Vest-Irak.

Etter Irakkrigen var det igjen store mengder vald i Hawija i april 2013 då den irakiske hæren støytte saman med sunni-muslimar under ein sunni-demonstrasjon. 53 menneske mista livet den første dagen, men etter ei veke med uro hadde 215 menneske mista livet.

Kjelder endre