Kirkuk (kurdisk کەرکووک, Kerkûk, arabisk كركوك, Karkūk, tyrkisk Kerkük; gammalsyrisk ܟܪܟ ܣܠܘܟ ,ܟܪܟܘܟ Karkh-Selokh) er ein by i Kirkuk guvernement i Irak, 83 km sør for Erbil.[1] Byen er hovudstad i Kirkuk guvernement.

Kirkuk
kurdisk کەرکووک, arabisk كركوك, assyrisk ܟܪܟ ܣܠܘܟ ,ܟܪܟܘܟ, Kerkûk, Karkuk, Kerkük
by
Kirkuk citadell
Land  Irak
Autonom region Irakisk Kurdistan
Guvernement Kirkuk guvernement
Høgd 350 moh.
Folketal 850 787  (2009.)
Tidssone GMT +3
Kart
Kirkuk
35°28′0″ N 44°24′0″ E
Wikimedia Commons: Kirkuk

Kirkuk ligg i eit vidt område med ein mangfaldig, fleirspråkleg folkesetnad. Det var dramatiske, demografiske endringar i Kirkuk på 1900-talet.[2] Kurdarar, tyrkarar, arabarar og assyrarar sette alle ned krav på området og alle hadde historiske årsaker som støtta kravet deira.[3]

Byen ligg i ruinane av det originale Kirkuk citadell, som ligg der den assyriske oldtidsbyen Arrapha låg på 2000-talet fvt.,[4] nær elva Khasa. Byen er nemnt i den sumerisk-akkadiske perioden i Assyria i kileskriftkjelder frå kring 2400 fvt.[5] Regionen vart ein del av Det akkadiske riket (2335-2154 fvt.) som samla alle dei akkadisk- og sumerisktalande mesopotamiarane under ein herskar. Etter riket kollapsa tok dei språkisolerte gutianarane, eit før-iransk folk frå det gamle Iran, over regionen i fleire tiår, og gjorde Arrapha til hovudstaden sin, før dei vart kasta bort frå Mesopotamia av sumerarane under Det nysumeriske riket (2112-2004 fvt.). Byen vart seinare dominert av dei språkisolerte hurriane frå det austlege Anatolia før dei vart innlemma i Det gamle assyriske riket (2025-1750 fvt.). Etter dette vart Arrapha og heile det nordlege Mesopotamia, i lag med delar av det nordaustlege Syria og det søraustlege Tyrkia, ein del av sjølve Assyria. Seint på 1400-talet fvt. var Assyria og Arrapha under det kortvarige riket til Mitanni-Hurri, men etter at assyrarane styrta riket tidleg på 1300-talet fvt. tok dei igjen over styret. Arrapha vart verande ein assyrisk by fram til Det assyriske riket fall mellom 615 og 599 fvt. Etter dette vart han verande ein del av den provinsen Assyria under forskjellige utanlandske rike og mellom 100-talet fvt. og 200-talet evt. var han hovudstad i den nyassyriske staten Beth Garmai før denne vart erobra av sassanidane og vart ein del av Assuristan. Den arabiske, islamske erobringa på 600-talet førte til at Assyria vart oppløyst som geopolitisk stat.

Både kurdarar[6][7] og tyrkarar[8] har gjort krav på byen som kulturell hovudstad. Han vart kalla «senteret for irakisk kultur» av det irakiske kulturdepartementet i 2010.[9] Byen består hovudsakleg av folk som identifiserer seg som kurdarar, arabarar, irakiske tyrkarar og assyrarar, og det var endringar i folketalet og folkesetnaden etter fallet til Saddam Hussein, den amerikanske invasjonen, og krigen mot Den islamske staten.

Namn endre

Det forhistoriske namnet på Kirkuk var Arraphka som vart avleidd frå gamalhurrittisk og tydde truleg rett og slett «by».[10] I Partia-perioden er eit Korkura nemnd av den greske geografen Klaudios Ptolemaios. Det er trudd at han refererte til anten Kirkuk eller til Baba Gurgur som ligg rundt 5 km frå byen.[11] Under gresk herredømme var den kjent som Karkha D-Beit Slokh som tyder «Festninga til selevkidane sitt hus» på arameisk, lingua franca eller fellesspråket i området den fruktbare halvmåne på denne tida.[12][13]

Regionen rundt Kirkuk var i partia-perioden og under Sasanide-dynastiet kjent som Garmakan, noko som på kurdisk tyder «Det varme landet». På moderne kurdisk finst ordet «Garm» for varme.[14] Namnet er enno nytta av kurdarar i forma Garmian som har same tyding.

Frå 800-talet evt., då muslimske arabarar erobra området, og fram til mellomalderen, brukte arabiske skribentar namnet Kirkheni (i tydinga festning eller citadell) for å referere til byen.[15] Ein del arabarar nyttar namna Bajermi eller Jermakan som begge er semittiske variasjonar av iranske «Garmakan».[14]

I 1927 vart det funnet eit stykke kileskrift ved foten av Kirkukfestninga som hevda at byen Erekha av Babylonia var på det same staden som Kirkuk. Andre kjelder vurderte at Erekha ganske enkelt var ein del av ein større metropolis av Arrapha.

Historie endre

Opphavleg vart byen grunnlagt av fjellfolket hurrittar. Han var kjend som Karda, Qurtie eller Guti av folk som budde i dei lågareliggande områda i det sørlege Mesopotamia. Under oldtidsnamnet Arraphkha vart Kirkuk hovudstad i kongedømmet Gutium, noko som er –t i kileskriftkjelder frå rundt 2400 fvt.[16]

Det vesle hurrittiske kongedømmet Arraphka der dagens Kirkuk var hovudstad, var lokalisert i den søraustlege delen av området, og var dominert av det iranske riket Mitanni.[14][17] Opprøret til Assyria mot Mittani førte truleg til at Arraphka òg fall på 1300-talet fvt. og bidrog til Mittani braut saman. Byen blømde mest på 1000-talet og 900-talet fvt. under assyrisk styre. Likevel vart Assyria på 500-talet f.Kr. erobra av ein samanslutning av medarar, hurrittiske stammefolk og babylonarar.[18] Etter at Akamenide-dynastiet hadde lagt regionen under sin kontroll vart Kirkuk hovudstad i eit lokalt rike kalla Garmakan.

Arabiske muslimar invaderte Sasanideriket600-talet evt. Hovudbølgja av turkmenarar kom til Kirkuk under ummayidane og seinare under Abbasi-kalifatet som militære rekruttar. Fleire turkmenarar kom til Kirkuk då seldsjukkane sette til livs Irak i 1055. Fram til slutten av 1300-talet vart Kirkuk stort sett administrert frå og handla med byen Daquq, og desse to byane var òg begge i kontakt med Arbil (no hovudstad i irakisk Kurdistan) og Sharazor. I mellomalderen var byen ein del av – og sidan 1500-talet hovudstad i – det gamle provinssystemet vilayet til Sharazor som enno er viktig for Kurdistans økonomi. Som del av det tyrkiske emiratet Kara Koyunlu (1375–1468) fekk byen namnet Kirkuk.

I 1959 oppstod det blodige opptøyar i Kirkuk under det irakiske kommunistpartiet (ICP) sin 1. mai-demonstrasjon, og det utvikla seg gatekampar som fekk ein etnisk karakter. ICPs hovudsakleg kurdiske tilhengarar drap eller skadde hundrevis av turkmenarar.[19] Denne hendinga fekk seinare nemninga Kirkukmassakren i 1959.[20] Saddam reiste seinare statuar i Kirkuk av to turkmenarar som vart drepne av kurdarar, truleg for å auka spenninga mellom dei to folkegruppene.

Den store bølgja av arabisk innvandring skjedde under Bad'athstyret som relokaliserte tusen av arabiske familiar frå sørlege Irak til byen Kirkuk, og forviste tusen av turkmenske og kurdiske familiar i ein prosess som er kjent som arabisering (taarib). Under Baathregimet sin anfal-kampanje mot kurdarane i 1986-89, var Garmianområdet åstad for nokon av dei vondaste overgrepa; mange landsbyar med kurdiske innbyggjarar vart totalt utsletta.

Ifølgje den irakiske presidenten Jalal Talabi, som sjølv er kurdar, var turkmenarane i Kirkuk den meste undertrykte gruppa i Irak under regimet til Saddam Hussein.[21]

Kirkuk er eit viktig senter for kultur for både turkmenarar og kurdarar; mange turkmenske og kurdiske forfattarar og kunstnarar har vore frå Kirkuk. Intellektuelle frå Kirkuk deltok i 1946 i danninga av Kurdistans demokratiske parti, seinare har kurdarar frå Kirkukområdet gjerne støtta PUK (Kurdistans patriotiske union).

Fleire turkmenske bydelar og landsbyar vart angripe av kurdiske styrkar under krigen i 2003. Kurdiske tryggleikstyrkar har sidan arrestert hundrevis av arabarar og turkmenarar. Fleire av dei har vorte torturert.

11. juni 2014 trekte den irakiske regjeringa sine styrkar ut av Kirkuk, som var truga av den islamistiske geriljaorganisasjonen ISIL. Kurdiske pesjmerga-styrkar tok kontrollen over byen og området rundt.[22]

Oljeutvinning endre

I Kirkuk og området rundt finst nokre av dei største oljeførekomstane i verda, berekna til om lag ni milliardar fat. Kommersiell utvinning vart sett i gang av Iraq Petroleum Company (IPC) i 1927. Det ligg fleire store oljeraffineri i Kirkuk. Oljeleidningar fører olja til Middelhavet gjennom Tyrkia og til Basra ved Persiagulfen.

Brønnane rundt Kirkuk står i dag for størstedelen av den irakiske oljeproduksjonen, rundt ein million fat per dag.

Klima endre

Kirkuk har eit heitt halvtørt klima (Köppen si klimaklassifisering: BSh) med ekstremt varme og tørre somrar, og kjølige, noko regnfulle vintrar. Snø er sjeldan, men det fall snø her 22. februar 2004,[23] og 10. og 11. januar 2008.[24]

Vêrdata for Kirkuk (1976-2008)
Jan Feb Mar Apr Mai Jun Jul Aug Sep Okt Nov Des År
Gjennomsnittleg maks °C 13,8 15,7 20,1 26,3 33,7 39,8 43,2 42,8 38,7 31,4 22,6 15,8 28,7
Gjennomsnittleg min °C 4,4 5,7 9 13,8 19,6 24,5 27,5 27,1 23,2 18,1 11,2 6,3 15,9
Gjennomsnittleg nedbør mm 68,3 66,7 57,3 44,1 13,4 0,1 0,2 0 0,7 12,4 39,1 59 361,3
Gns. dagar med regn 11 11 11 9 5 0 0 0 0 5 7 10 69
Kjelde: WMO[25]


Folkesetnad endre

Kirkuk har ein blanda folkesetnad som hovudsakleg omfattar turkmenarar, kurdarar og arabarar og eit mindre tal av assyrarar. Sjølve byen fekk i seldsjukk-tida ein stor turkmensk folkesetnad, medan landsbygda i regionen var folkesett av kurdarar og ein del assyrarar.[26][27] Både turkmensk, kurdisk og arabisk har hatt status som offisielle språk i Kirkuk i mange tiår og alle tre er per i dag blant dei offisielle språka i Kirkuk og viser mangfaldet i regionen.[28][29]

På 1900-talet prøvde styresmaktene i Bagdad å styrkja innslaget av arabarar. Etter at oljeutvinning vart sett i gang har dei arabiske regjeringane i Bagdad systematisk fordrive kurdarar og turkmenarar.[30] Arabiske arbeidarar frå andre delar av landet har i stort mengd vorte betalt av regjeringa for å flytta til Kirkuk og har vorte sysselsett i oljeindustrien. Under Saddam Hussein sitt regime på 1980-talet skaut denne arabiseringa fart. Kurdarar og turkmenarar vart dessutan pressa til å registrera seg som «arabarar». Kurdisk og turkmensk vart forbode i alle offentlege samanhengar.

Den meste pålitelege kjelda om Kirkuk er folketeljinga frå 1957. 41 % av folkesetnaden i provinsen Kirkuk oppgav å ha tyrkisk/turkmensk som morsmål; 25 % oppgav kurdisk medan 30 % var arabisktalande.[31][32]

1997 var tala 72 % arabisk, 21 % kurdisk og berre 7 % turkmensk.[33] Turkmenarane var den største etniske gruppa i sjølve byen Kirkuk, medan kurdarane var størst i fleire av områda rundt byen. Arabarane var då nest størst i områda rundt og tredje størst i sjølve byen Kirkuk.[34]

Etter invasjonen og regimeskiftet i 2003 har mange kurdiske flyktningar vendt attende til Kirkuk, men få arabarar har forlate byen som difor er sterkt overfolka.[35] Berre i 2003-04 flytta omtrent 72 000 kurdarar til Kirkuk, basert på estimat frå kurdiske parti.[30] Kurdarane omfattar godt over halvparten av folkesetnaden i Kirkuk i dag, medan delen turkmenarane har vorte kraftig redusert og ligg på rundt 20 %.[36]

Få arabarar har forlate byen trass i at dei er lova økonomisk støtte for å venda attende til sine opphavlege heimstadar.[37] Likevel protesterer mange arabarar og turkmenarar mot det dei hevdar er kurdiske overgrep.

Dagens situasjon endre

 
Provinsen Kirkuk er markert i blått, den kurdiske regionen i brunt.

Kurdiske styrkar sette til livs Kirkuk, mot amerikanske protestar, den 10. april 2003 etter at den irakiske regjeringshæren hadde flykta.[38] Mange titusenar av kurdarar som hadde budd i flyktningleirar lenger nord har sidan vendt attende til byen,med lovnader om økonomisk støtte frå den kurdiske regjeringa Mange av desse har budd i teltleirer og på idrettsanlegg, andre har fått plass i nyoppførte drabantbyar i det nordlege Kirkuk.[35] Kurdarane kontrollerte deretter dei nordlege delane av provinsen Kirkuk (Tammim), medan amerikanske og arabiske styrkar i ulike kombinasjonar kontrollerte dei sørlege områda.

Kirkuk har vore ein uroleg by, med aktive celler av Ansar al-Islam, Al Qaeda i Irak, og andre væpna grupper. Moqtada al-Sadr sende i 2006 fleire hundre væpna menn frå sin sjiamuslimske Mahdi-hær til byen, noko som bidrog til å auka spenninga ytterlegare. Det har funnest ei lang rekkje terrorangrep i Kirkuk etter 2003, hovudsakleg utført av sunni-arabiske ekstremistar. I perioden 2002–2006 hadde Kirkuk fylke (Tammim) i gjennomsnitt meir enn 4 væpna aksjonar pr dag.[39] Kurdiske styresmakter oppretta i 2002, med amerikansk støtte, ein anti-terror-styrke (CTU) i første rekkje for å kontrollera den kurdiske islamistgruppa Ansar al-Islam, leia av mulla Krekar.[40] CTU er leia av Lahur Talabani, nevøen til den tidlegare presidenten i Irak Jalal Talabani, og har etter 2003 utvida verksemda si til Kirkuk.

Statusen til Kirkuk er eit viktig stridsspørsmål i det nye Irak. Kurdarane hevdar byen er ein naturleg del av det kurdiske sjølvstyreområdet, men mange turkmenarar og arabarar har motsett seg kurdisk styre. For turkmenarar har Kirkuk alltid vore ein turkmensk by, medan kurdarane ser på byen som sin evige hovudstad. Statusen i byen var gjennom ein eigen artikkel i grunnlova av 2005 (§ 140), planlagt avgjort gjennom ei folkerøysting 15. november 2007. Folkerøystinga har vorte utsett fleire gonger mot kraftige kurdiske protestar. Tilhøvet mellom kurdarane og dei andre folkegruppene i byen har likevel betra seg. Skepsis til turkmenarane til kurdisk styre har vorte veikt i takt med det betra tilhøvet mellom den kurdiske regjeringa i Erbil og den tyrkiske regjeringa i Ankara.

Etter at opprørarane i Den islamske staten i juni 2014 erobra Mosul og andre område i Nord-Irak, trekte den irakiske regjeringshæren sine styrkar frå Kirkuk og områda rundt. Kurdiske peshmerga-styrkar sette til livs stillinga og hadde dermed full kontroll over Kirkuk. Kurdistans president Massoud Barzani erklærte at kurdarane aldri ville oppgje Kirkuk igjen.[41]

I august 2014 fann det stad harde kampar i Jawlala, sør for Kirkuk, mellom peshmergastyrkar og Den islamske staten.

Valresultat endre

Ved lokalvalet i januar 2005 fekk den kurdiske alliansen (Brorskaplista), beståande av fleire ulike organisasjonar og parti, 59 % av stemmane. Turkmenarane greidde ikkje å danna ein liknande allianse, men det største turkmenske partiet, ITF, fekk 18 %.

Det turkmenske partiet ITF vart lenge oppmuntra av Tyrkia til å gjera motstand mot kurdisk herredømme i Kirkuk, men mange andre turkmenarar har sett kurdisk styre som ein garanti mot arabiske overgrep.[42] Det finst fleire mindre turkmenske organisasjonar og parti som har inngått alliansar med arabiske eller kurdiske parti, noko som gjer det reelle talet på turkmenarar vanskeleg å bedømma.[43][44] Turkmenarane og arabarane hevdar resultatet skulda valfusk frå sida til dei kurdiske styresmaktene. Vidare boikotta dei arabiske sunni-muslimane i heile Irak vala fram til 2009. Kirkuk deltok ikkje i lokalvalet i januar 2009, grunna usemje om kven som skulle inkluderast i manntalet.

Ved det irakiske parlamentsvalet i mars 2010 gjekk seks av dei tolv mandata frå Kirkuk fylke til Kurdistans Allianse og seks til den (sekulære) Iraqiyya-lista. Tre av desse mandata gjekk til turkmenarar. Den kurdiske opposisjonslista Gorran oppnådde ingen mandat, heller ikkje den sjiadominerte State of Law-lista til statsminister Maliki.

Ved parlamentsvalet i 2014 fekk PUK 6 mandat, KDP 2, Turkmensk Front 2 og arabiske parti 2 mandat.

Kjende personar frå Kirkuk endre

  • Hijri Dede, turkmensk poet som skreiv dikt hovudsakleg på tyrkisk/turkmensk, men òg på kurdisk og arabisk.
  • Abdurrahman Kizilay, turkmensk musikar.
  • Ali Mardan, kurdisk musikar.
  • Sheikh Reza Talabani (1835–1910), kurdisk poet, fødd i Kirkuk, skrev dikt på både kurdisk, tyrkisk/turkmensk og arabisk.
  • Rafiq Hilmi (1898–1960), kurdisk historikar, politikar og forfattar fødd i Kirkuk.
  • Younis Mahmoud Khalef (fødd 1983), fotballspelar og kaptein for det irakiske nasjonale laget.

Kjelder endre

  1. «Google Maps Distance Calculator». Daftlogic.com. 12. januar 2013. Henta 27. februar 2021. 
  2. Bet-Shlimon, Arbella. 2012. Group Identities, Oil, and the Local Political Domain in Kirkuk: A Historical Perspective. Journal of Urban History 38, no. 5.
  3. «Kirkuk». Cities in transition. 
  4. The Cambridge Ancient History – Page 17 by John Boardman
  5. William Gordon East, Oskar Hermann Khristian Spate (1961). The Changing Map of Asia: A Political Geography, 436 pages, s. 105
  6. [1] Claims in conflict: reversing ethnic cleansing in Nord-Irak, Human Rights Watch (Organization), Aug. 2004, Vol.16, 54.
  7. Cocks, Tim (21. juli 2009). «U.N. wants Iraq kurdarar to drop Kirkuk vote-diplomat». ofReuters. 
  8. «The Identity of Kirkuk» (PDF). Arkivert frå originalen (PDF) 20. august 2011. «Conclusion» 
  9. «Archived copy». Arkivert frå originalen 30. juni 2017. Henta 27. desember 2009. 
  10. Kimmons, Sean: «Soldiers Help Preserve Archeological Sites» (PDF)
  11. Balfour, Edward (1976): Encyclopaedia Asiatica, Cosmo Publications, side 214
  12. Harrak, Amir (2005): The Acts of Mar Mari the Apostle (Writings from the Greco-Roman World), Society of Biblical Literature, ISBN 1589830938. Side 27.
  13. Comay, Joan (1978): The World's Greatest Story: The Epic of the Jewish People in Biblical Times, Henry Holt & Company Inc. Side 384.
  14. 14,0 14,1 14,2 Talabany, Nouri (1999): «Iraq’s Policy of Ethnic Cleansing: Onslaught to change national/demographic characteristics of the Kirkuk Region».
  15. Abdulla, Mufid: Kirkuk and its dependencies: Historically part of Kurdistan – II Arkivert 2007-09-27 ved Wayback Machine.
  16. East, William Gordon, Spate, Oskar Hermann Khristian (1961): The Changing Map of Asia: A Political Geography, side 105
  17. Chahin, M. (1997): Before the Greeks, Lutterworth Pr., s. 77.
  18. Edwards, E. S.; Boardman, John; Bury, John B.; Cook, S. A.: The Cambridge Ancient History, ss. 178-179.
  19. Tripp, Charles (2002): A History of Iraq. Cambridge University Press. ISBN 052152900X. S 157-158
  20. Marr, Phebe (2004): The Modern History of Iraq, Westview Press, s. 34
  21. arkivkopi, arkivert frå originalen 8. mai 2015, henta 27. februar 2021 
  22. arkivkopi, arkivert frå originalen 7. juli 2014, henta 27. februar 2021 
  23. Cole, William (23. februar 2004). «Rare Iraq snowfall lifts troops' spirits». The Honolulu Advertiser. Henta 3. mars 2013. 
  24. «Iraq under cold front bringing snow and below zero temperatures». Indian muslimar. Kuwait News Agency (KUNA). 11–12. januar 2008. Arkivert frå originalen 28. september 2013. Henta 3. mars 2013. 
  25. «World Weather Information Service». 
  26. Aina.org
  27. Landinfo (PDF)
  28. http://www.todayszaman.com/newsDetail_getNewsById.action?load=detay&link=162119
  29. Nowpublic.com, arkivert frå originalen 7. oktober 2012, henta 27. februar 2021 
  30. 30,0 30,1 The Turkomans of Iraq - A Minority with Major Impact, arkivert frå originalen 7. oktober 2012, henta 27. februar 2021 
  31. Anderson, Liam D.; Stansfield, Gareth R. V. (2009), Crisis in Kirkuk: The Ethnopolitics of Conflict and Compromise, University of Pennsylvania Press, ISBN 0-8122-4176-2I side 43
  32. Phillips, David L. (2006), Losing Iraq: Inside the Postwar Reconstruction Fiasco, Basic Books, ISBN 0-465-05681-4 side 152
  33. Andersson & Stansfield (2009), s. 43
  34. Dagbladet Vi har aldri vært nærmere krig, 29. juli 2009
  35. 35,0 35,1 Washington Institute: Kirkuk in Transition: Confidence Building in Northern Iraq, april 2010
  36. Landinfo: Irak Arkivert 2011-01-20 ved Wayback Machine.
  37. Kirkuk in Transition: Washington Institute
  38. Lawrence, Quil: Invisible Nation, New York 2008, Walker & Co, ISBN 0802716113, s.185 ff
  39. Andersson & Stansfield 2007 s 147
  40. «Utan tittel». Arkivert frå originalen 20. mars 2011. Henta 1. mai 2010.  (arkivert nettstad verker ikkje)
  41. «Iraq’s Kurds rule out giving up Kirkuk», www.aljazeera.com (på engelsk), henta 28. februar 2021 
  42. Andersson & Stansfield (2009), s. 197 ff
  43. UNPO (Unrepresented Nations and Peoples Orgnization): Iraqi Turkmen
  44. SETA: The New Iraq, The Middle East and Turkey: A Turkish View Arkivert 2009-03-05 ved Wayback Machine. (PDF)

Litteratur endre