Haydnfjorden
Haydnfjorden er ein isdekt fjord på vestkysten av Aleksanderøya i Antarktis, som ligg mellom Mozart forlandsbre og Handel forlandsbre. Schubertfjorden ligg i sør og Lassus Mountains like nord. Haydnfjorden er 50 km lang og 22 km brei ved munningen, men er smalare ved botnen. Han vart oppdaga frå lufta og grovt kartlagd av U.S. Antarctic Service, 1939-41. Han vart observert på ny frå lufta og fotografert av Ronne antarktiske forskingsekspedisjon, 1947-48, og kartlagd på ny frå desse bileta av D. Searle frå Falkland Islands Dependencies Survey i 1960. Fjorden vart namngjeven av UK Antarctic Place-Names Committee etter Joseph Haydn, ein austerriksk komponist.[1]
Haydnfjorden | |||
fjord | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 70°13′S 70°45′W / 70.217°S 70.750°W | ||
Lengd | 50 km | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Haydnfjorden 70°13′00″S 70°45′00″W / 70.2167°S 70.75°W | |||
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ «Haydnfjorden». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 1. desember 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Haydnfjorden» (innhald frå Geographic Names Information System).