Heanor
Heanor er ein by i Derbyshire i England, omkring 13 kilometer nordaust for Derby. Elva Erewash renn rett ved byen.
Heanor | ||
---|---|---|
Rådhuset | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land | Storbritannia | |
Konstituerande land | England | |
Grevskap | Derbyshire | |
Distrikt | Amber Valley | |
Geografi | ||
Innbyggjarar - By (2001) |
22 620 | |
Koordinatar | 53°1′N 1°21′W / 53.017°N 1.350°W | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | DE75 | |
Telefon-retningsnummer | 01773 | |
Byen har vakse saman med Langley Mill, og Langley Mill stasjon betener begge. Det var tidlegare ein liten stasjon på Great Northern Railway i Heanor, men denne er nedlagt.
Kullgruvedrift og tekstilproduksjon var tidlegare dei viktigaste næringsvegane i Heanor. På området til ei nedlagd kolgruve er det opna ein stor fornøyelsespark, The American Adventure. Byen er òg kjent for Matthew Walker-fabrikken, som produserer julepuddingar. Han vart selt til Northern Foods i 1992.
Heanor Town FC, «The Lions», vart grunnlagd i 1883, og spelar i Abacus Lighting Central Midlands League Supreme Division.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heanor» frå Wikipedia på bokmål, den 15. juli 2011.