Hegel
etternamn
Hegel er eit tysk slektsnamn frå Sør-Tyskland (Württemberg og Baden).
Namnet er truleg ei avleiing av hagen, som kan tyda anten 'tyr' eller 'hekk', med diminutivet -li, -lin eller -le. Opphavleg kan det ha vist til ein mann som eigde avlsoksar, eller ein som budde ved ein hekk eller krattskog. Hagel er ein variant, men dette namnet kan også ha andre opphav.
Kjende namneberarar
endre- Georg Wilhelm Friedrich Hegel (1770-1831), tysk filosof
- Karl Hegel (1813−1901), tysk historikar
Annan bruk
endre- Det norske føretaket Hegel Audio AS
- Drueslaget Hegel
Kjelder
endre- www.eduqna.com/Home-Schooling Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine. som oppgjev kjelda Dictionary of German Names (1999) av Hans Bahlow.