Heggholmen i Øygarden

holme i sjø

60°35′08″N 04°47′51″E / 60.58556°N 4.79750°E / 60.58556; 4.79750

Heggholmen
øy
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Øygarden kommune
Kart
Heggholmen
60°35′07″N 4°47′53″E / 60.58528°N 4.79806°E / 60.58528; 4.79806

Heggholmen er ei lita øy sørvest for Alvøyna, nord i Øygarden kommune i Vestland. Øya er veglaus. På Heggholmen var det ein handelsstad frå 1600-talet av. I 1785 stod det over 30 hus på Heggholmen, derav 18 hus av ulike slag som høyrde til handelsstaden. Handelsverksemda gjekk konkurs i 1931, men dreiv vidare med nye eigarar til rundt 1950, då ho vart flytta til Heggøyna, ei halvøy på Alvøyna, like ved. I 1953 vart det òg slutt på sildesalting på Heggholmen og øya vart fråflytta. Eit våningshus frå 1914 står att på øya.

Heggholmen er knytt til Joholmen med ein gangveg over ein kort molo. I eldre kjelder vert Heggholmen òg kalla Joholmen, og det kan stundom vera vanskeleg å vera sikker på kven av dei to øyene som er meint. Det står i dag ingen bygningar på Joholmen. Til saman utgjer Heggholmen og Joholmen om lag 120 mål.

I 2000 gjekk Vestbo ut i lokale media med planar om å kjøpa dei to øyane, leggja inn straum og vatn og byggja 40-60 hytter der. Dei vende seg til Øygarden kommune med planane, som ikkje vart noko meir av.

Ved folketeljinga i 1900 budde det 17 personar på Heggholmen og 7 på Joholmen.

Kjelder endre

  • Kjell Terje Dåvøy, "Dei gamle kremmarleia på Sotra og i Øygarden", Havstrilen : kulturhistorisk årbok for Sund, Fjell og Øygarden, 2007
  • "Vil kjøpa øyar til hytteutbygging", Vestnytt, 14.9.2000