Heidal kommune
tidlegare kommune i Oppland fylke i Noreg
Heidal kommune var ei politisk-administrativ eining for bygda Heidal i Oppland fylke i tida frå året 1908 til året 1964. Tidlegare låg bygda under Vågå kommune.
Jord- og skogbruk var absolutte hovudnæringar i kommunen. Her fanst sagbruk, høvleri, trevarefabrikk, mylne, dampysteri, pensjonat og hotell.
Frå 1965 vart Heidal kommune lagt ned og bygda innlemma i Sel kommune.
Folketalet i Heidal
endre- 1900: 1224
- 1930: 1417
- 1946: 1673
- 1950: 1781
Sjå òg
endreKjelder
endre- Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954