Sel kommune

kommune i Innlandet

Sel er ein kommune nord i Gudbrandsdalen i Innlandet fylke. Han grensar i nord til Dovre og Folldal, i aust og sør til Nord-Fron, og i vest til Vågå.

Sel kommune
kommune
Sel church, Sel, Norway.jpg
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Innlandet
Adm.senter Otta
Areal 905,05 km²
 - land 894,73 km²
 - vatn 10,32 km²
Folketal 5 567 (1. januar 2023)
Målform nøytral
Ordførar Eldri Siem (Sp)
Kommunenr. 3437
Map
Sel
61°49′1″ N 9°34′24″ E
NO 3437 Sel.svg
Wikimedia Commons: Sel
Nettstad: www.sel.kommune.no

Sel (uttala Sĕl, med stutt e) kjem av gammelnorsk «Sil» som betyr stillerennande vatn i elv eller bekk.

HistorieEndra

 
Nordre Ekre gard i Heidal
 
Sel kyrkje ved Selsverket
 
Kvitskriuprestein

Sel herad vart fyrst skipa 1.1.1908 då dåværande Vaage (Vågå) herad vart delt i dei tre einingane: Vaage, Hedalen (Heidal) og Sel. På denne tida hadde Heidal eit folketal på 1241, medan Sel hadde 2287 innbyggjarar. Den noværande Sel kommune vart skipa 1.1.1965 då Heidal og Sel vart slegne ihop, Heidal hadde då eit folketal på 1731, medan Sel hadde 3687 innbyggjarar. I tillegg vart krinsen Tolstadåsen med 35 innbyggjarar overført frå Vågå og krinsane Sandbu og Sjoa med eit samla folketal på 413 overførte frå Nord-Fron. Det har såleis ikkje vore endringar i kommunens vidd sidan dess.

Skular og målstodaEndra

Kring 1930 hadde Heidal herad tre skulekrinsar, medan dåværande Sel hadde seks krinsar. Krinsane i Heidal tok nynorsken i 1933, medan dei i Sel fekk målet i 1939. Fram til 1970 var det berre nynorskelevar i grunnskulane i Sel, mens det frå 1971 har vore parallellklasser med bokmål på Otta skole. Sidan dess har delen nynorskelevar minka stendig og låg samla for dei fire grunnskulane i kommunen på 47% i 2012. Frå skuleåret 2012-13 vert bokmål hovudmålet ved Otta skole, medan det hausten 2013 var folkerøystingar om målformen ved Heidal og Sel skuler. Det vart store fleirtal for nynorsken, så desse skulane vil framleis halde på målet.

UtdanningsinstitusjonarEndra

Verdt å sjå i SelEndra

Verdt å oppleve i SelEndra

BakgrunnsstoffEndra