Heidi Nordby Lunde

norsk skribent og politikar

Heidi Nordby Lunde (fødd 3. februar 1973) er ein norsk skribent og politikar frå Oslo. Heile tingperioden 2013-17 møtte ho på Stortinget som vararepresentant for statsråd Ine Eriksen Søreide, Høgre-representant frå valkrinsen Oslo. Sidan 2017 har Lunde hatt fast plass på Stortinget, også då vald frå Oslo. På stortinget 2013-17 var ho medlem i Finanskomiteen, 2017-21 hadde ho sete i Arbeids- og sosialkomtieen. Lunde er liberalist og var 3. vararepresentant til stortinget 1993-97, vald for Framstegspartiet i Oslo. I 2005 melde ho seg inn i partiet Høgre og er sidan 2018 leiar i lokallaget. Hausten 2017 var Lunde vald til leiar i Europabevegelsen i Norge.

Heidi Nordby Lunde
WA09,Bergen 027.jpg
Fødd3. februar 1973 (49 år)
Oslo
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Framstegspartiet
Yrkeskribent, politikar
Utdanna vedHandelshøyskolen BI

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra