Heinrich Carl von Schimmelmann
Heinrich Carl von Schimmelmann (13. juli 1724–16. februar 1782) var ein tysk kjøpmann, greve og statsmann. Han var far til den danske statsmannen Ernst Heinrich von Schimmelmann. Han var òg utgjevar av Wandsbecker Bothe.
Heinrich Carl von Schimmelmann | |||
Heinrich Carl von Schimmelmann, ca. 1773 | |||
Fødd | 13. juli 1724 Demmin | ||
---|---|---|---|
Død | 15. februar 1782 (57 år) | ||
Statsborgar av | Kongeriket Danmark | ||
Yrke | samfunnsøkonom, forleggjar, bankier, diplomat, politikar | ||
Ektefelle | Caroline von Schimmelmann | ||
Barn | Ernst Heinrich von Schimmelmann, Friederike Juliane von Reventlow, Caroline Adelheid von Baudissin |
Heinrich Carl von Schimmelmann var fødd som kjøpmannson i Demmin i Pommern. Som kjøpmann i Dresden og kursachsisk accise-forpaktar bygde han opp ein betydeleg formue. Dermed kunne han opne eit handelshus i Hamburg og vart eigar av fleire gods i Holstein. I 1761 gjekk han som kommerseintendant i dansk teneste og vart 1762 opphøgd til friherre og 1779 til greve. 1762 bygde han Wandsbecker Schloss. Den viktige rolla han hadde for dansk økonomi var grunnlaget for at sonen seinare vart utnemnd til dansk finansminister.
Ikkje alle initiativa hans var uomstridde, korkje innføringa av tallotteri i København, Altona og Wandsbeck eller aukinga av papirpengar på København-børsen.
Bakgrunnsstoff
endre- Christian Degn: Die Schimmelmanns im atlantischen Dreieckshandel. Gewinn und Gewissen, Neumünster 2000, ISBN 3-529-06148-4