Heinrich Ludwig Fütterer, kjend som Heinz Fütterer, (14. oktober 193110. februar 2019) var ein tysk friidrettsutøvar frå Illingen i Baden-Württemberg som tevla for Vest-Tyskland, og i OL-samanheng for eit alltysk landslag. Han vart europameister på både 100 meter og 200 meter, fire år seinare vann han EM-gull i 4 x 100 meter stafett. I toppsesongen 1954 tangerte han verdsrekorden på 100 meter til 10,2 sekundar.

Heinz Fütterer

Heinz Fütterer og Manfred Steinbach i 1956
Statsborgarskap Tyskland, Vest-Tyskland
Fødd 14. oktober 1931
Elchesheim-Illingen
Død

10. februar 2019 (87 år)
Elchesheim-Illingen

Yrke friidrettsutøvar, sprintar
Språk tysk
Høgd 164 centimeter
Heinz Fütterer på Commons

Aktiv endre

Fütterer vart vesttysk meister i lengdehopp i 1949. Han var utteken til Sommar-OL 1952, men fekk ein muskelskade kort før leikane.

Fütterer vann både 100 m og 200 m under europameisterskapen i Bern i august 1954. Den 31. oktober 1954 tangerte han verdsrekorden til Jesse Owens på 100 meter under eit løp i Japan. Elles i 1954-sesongen tangerte han fyrst europarekorden på 200 meter på 20,9, før han så forbetra den til 20,8 sekundar.

Ein lettare skadd Fütterer vart slått ut i eit mellomheat på 100 meter under sommarleikane i Melbourne i 1956. Han stilte også på det tyske laget på 4 x 100 m stafett, og vart løna med ein bronsemedalje.

Ved den tyske meisterskapen i 1958 vart Fütterer nummer tre på 100-meteren bakom Manfred Germar og Armin Hary. Desse tre sprintarane og Walter Mahlendorf vann gullmedaljen for Vest-Tyskland på 4 x 100 m stafett i EM i friidrett 1958 i Stockholm. Ei veke etter europameisterskapen, 29. august 1958 i Köln, sprang han tredjeetappen då eit vesttysk lag beståande av Martin Lauer, Manfred Steinbach, Fütterer og Manfred Germar sette verdsrekord med 39,5 sekundar.

Fütterer vart vesttysk meister på 100 m i 1951 og 1953-55, samt to gongar på 200 m; 1953-54.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap endre

  • EM 1954 i Bern: Gullmedaljar på 100 m – 10,5, framom Rene Bonino, og på 200 m – 20,9, framom Ardalion Ignatjev
  • OL 1956 i Melbourne: Bronsemedalje med Vest-Tyskland på 4 x 100 m stafett
  • EM 1958 i Stockholm: Gullmedalje med Vest-Tyskland på 4 x 100 m stafett

Kjelder endre