Hektoriabreen
Hektoriabreen er ein isbre som flyt sør frå området kring Mount Johnston ut i Larsenisen like vest for Shiver Point, på austkysten av Den antarktiske halvøya. Namnet «Hektoria Fiords» vart gjeve av sir Hubert Wilkins under flyturen hans den 20. desember 1928, etter SS «Hektoria», som hadde ført han til Deceptionøya. Etter landmålingar av Falkland Islands Dependencies Survey (FIDS) i 1947, kunne ikkje breen identifiserast, men under ei ny landmåling av FIDS i 1955, vart den «lange isfyllte fjorden» til Wilkins identifisert som denne breen og to korte unamngjevne[1][2]
Hektoriabreen | |||
isbre | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Stad | Graham Land | ||
- koordinatar | 65°3′S 61°31′W / 65.050°S 61.517°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Hektoriabreen 65°03′00″S 61°31′00″W / 65.05°S 61.51666667°W | |||
Kjelder
endre- ↑ «Hektoria Glacier». Geographic Names Information System. United States Geological Survey, United States Department of the Interior. Henta 7. januar 2013.
- ↑ Alberts, Fred G., red. (June, 1995). Geographic Names of Antarctica (PDF) (second utg.). USA Board on Geographic Names. s. 324. Henta 14. oktober 2012.
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Hektoriabreen» (innhald frå Geographic Names Information System).