Helga Hernes

norsk statsvitar, politikar og diplomat

Helga Maria Hernes (opphavleg Helga Marie Jahncke, (fødd 16. januar 1938 i Deutsch Krone i det dåverande Tyskland, noverande Polen) er ein norsk statsvitar, Arbeidarparti-politikar og diplomat[1][2].

Helga Hernes
Statsborgarskap Noreg, USA, Tyskland
Fødd 16. januar 1938 (86 år)
Wałcz
Yrke politikar, professor, diplomat, statsvitar
Språk norsk, engelsk, tysk
Politisk parti Arbeidarpartiet
Medlem av Norsk Kvinnesaksforening
Ektefelle Gudmund Hernes

Hernes vart saman med andre tyskarar i området drivne bort og enda som flyktning i Bayern på slutten av den andre verdskrigen.

Hernes har utdanninga si frå USA der ho i 1967 tok mastergraden og i 1970 doktorgraden ved Johns Hopkins University. Frå 1970 til 1980 var Hernes knytt til Institutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen og i åra 1974–1975 dreiv ho postdoktorarbeid ved Stanford University. Frå 1980 til 1983 var Hernes forskingsdirektør i Noregs forskingsråd. I to periodar, 1983-1988 og 1989-1990, hadde ho stillinga som forskingsdirektør ved Institutt for samfunnsforsking. I åra 1993 til 1996 var Hernes leiar for forskingsprogrammet CICERO ved Universitetet i Oslo. Frå 1993 til 1998 var ho professor II ved Institutt for statsvitskap same stad. Frå 2004 til 2005 var ho seniorforskar ved NOVA i Oslo og frå 2006 er ho seniorrådgjevar for PRIO.

Hernes har i si faglege verksemd fyrst konsentrert seg om spørsmål knytt til velferdsstatsforsking og kvinneforsking. Seinare har merksemda hennar vore rett mot internasjonale tilhøve og multinasjonale selskap.

Hernes har òg hatt ein politisk og diplomatisk karriere. Ho har to gonger vore statssekretær for Arbeidarpartiet i Utenriksdepartementet, fyrste gong 1988-1989, andre gong frå 1990-1993. Deretter byrja ho sin diplomatiske karriere, fyrst som spesialrådgiver for fredsbevarende operasjonar og fredsbygging i Utanriksdepartementet, etterfylgt av periodar som Noregs ambassadør til Austerrike og Slovakia (1998–2003), og dessutan Sveits og Vatikanet (2002–2004).

Hernes vert ofte sitert for sin typologi over argument for den politiske deltakinga til kvinner, som av mange statsvitere og sosiologar vert rekna som eit viktig tilskot:

  • Rettferdsargument. Kvinner har krav på å få vera med
  • Ressursargument. Røynslegrunnlaget til kvinner, som ofte er ulikt frå menn sitt, utgjer ein ressurs for samfunnet
  • Interesseargument. kvinner og menn har ofte ulike og ofte motstridande interesser

Hernes har vore gift med professor og statsråd Gudmund Hernes.

Utmerkingar endre

I 1993 vart Helga Hernes æresdoktor ved Universitetet i Tromsø og i 2003 ved Stockholms universitet. Hernes vart i 2002 utnemnd til kommandør av Den Kongelege Norske Fortjenstorden.[3]

Referansar endre

  1. https://nbl.snl.no/Helga_Hernes
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 1. desember 2017, henta 25. november 2017 
  3. Noregs statskalender