Helga Seidler (fødd Helga Fischer5. august 1949) er ein tysk tidlegare friidrettsutøvar frå Oberneuschönberg i Sachsen. Ho vann to EM-gull i 1971 og vart olympisk meister i 1972 for Aust-Tyskland på 4x400 m stafett.

Helga Seidler

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 5. august 1949 (74 år)
Olbernhau
Yrke sprintar
Språk tysk
Høgd 166 centimeter
Helga Seidler på Commons

Aktiv endre

Seidler vart i 1971 suveren europameister på 400 m under friidretts-EM i Helsingfors. Tida 52,14 sekundar var ei lita forbetring av hennar eigen seks veker gamle nasjonale rekord på distansen. Ho sprang så tredjeetappen for Aust-Tyskland då laget vann 4x400 m stafett på avslutningsdagen i meisterskapen.

Under sommar-OL 1972 i München vart Seidler nummer fire på 400 m, landsmannen Monika Zehrt vann OL-gullet. Dei to sprang dei to siste etappane for det austtyske laget som seinare i olympiaden sette ny verdsrekord med tida 3.22,9 og vann ein overbevisande siger framom USA.

Kjelder endre