Helge Lurås

norsk journalist

Helge Lurås (fødd 12. desember 1970) er ein norsk analytikar og samfunnsdebattant med vekt på internasjonale tilhøve. Frå 2017 til mai 2022 var han ansvarleg redaktør for den tidlegare nettavisa Resett. Han er frå august 2022 ansvarleg redaktør for iNyheter.

Helge Lurås
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1970 (54 år)
Drammen kommune
Yrke redaktør, rådgjevar, kommentator, journalist, styreleiar

Etter utdanning som siviløkonom ved Norges Handelshøyskole i 1995 og cand.mag.-eksamen (med faga sosiologi, sosialantropologi og idéhistorie) arbeidde Lurås i det norske Forsvaret og hadde ei rekke utanlandsoppdrag. Han var i 1995 administrasjonssjef i Bosnia, i 1996 budsjettoffiser i Ungarn, og i 1997 militær observatør i Guatemala for Forsvarets Overkommando. I 1999–2003 var Helge Lurås politisk analytikar i Bosnia for Forsvarets Overkommando. I åra 2004–2008 var han politisk rådgjevar ved Office of the High Representative i Bosnia.

Lurås var 2008–2011 rådgjevar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (NUPI). I 2012 starta han Senter for internasjonal og strategisk analyse (Sisa), der han var dagleg leiar og einaste tilsette fram til selskapet blei avvikla i 2019.

Bibliografi

endre

Kjelder

endre