Resett, òg kjend som Resett.no, var ei norsk nettavis og mediekanal som formidla nyhende og meiningsinnhald. Nettavisa vart lansert 28. august 2017 med Helge Lurås som ansvarleg redaktør. Talet på unike lesarar har vore på opptil 560 000 per månad.[3] Resett tok sikte på å «framstille saker frå ein annan vinkel enn etablerte massemedium, og få fram sakene som massemedia ikkje ønskjer å dekkje».[4] Nettavisa følgde etter eiga utsegn Redaktørplakaten og Vær Varsom-plakaten.[5]

Resett

LandNoreg
TypeNettavis
Org.nummer912384713
Grunnlagd28. August 2017
Nedlagd14. desember 2022[1][2]
EigararDatum Invest
Redaktør(ar)Helge Lurås
SpråkNorsk
HovudkvarterOslo
Nettstadresett.no

Historie

endre

Resett vart grunnlagd av Øystein Stray Spetalen, Jan Haudemann-Andersen, Mikkel Dobloug, Monica Staff, Håkon Wium Lie og redaktør Helge Lurås med ⅙ eigarskap kvar.[6] Seinare har fleire investorar kome til.[7] I juli 2018 vart det kunngjort at Resett totalt hadde 21 eigarar med ulike eigarandelar.[7]

Resett oppgjer å følgja dei presseetiske reglane i Ver varsam-plakaten og Redaktørplakaten, men har ikkje fått medlemskap i dei etablerte medieorganisasjonane i Noreg.[8][9]

Redaksjonen følgjer i tillegg sin eigen «Resett-plakat» som blant anna fastsetter at «Resett skal jobbe for demokrati og eit liberalt samfunn basert på det beste i den vestlige kulturhistorien» og «Resett skal tørre å ta de vanskelige og tabubelagte debattene og gje folk flest ein plattform til å ytre seg».[10] Tidlegare redaksjonssjef Lars Akerhaug begrunna Resett sin forretningsmodell med behovet for eit medium som kan diskutera «betente spørsmål som kulturelle konsekvenser av høy innvandring» og fordi «de etablerte mediene og kultureliten» angiveleg stemplar vanlege folks meinigar som fordomsfulle og hatefulle.[11]

Før etableringa av Resett var redaktøren Helge Lurås skeptisk til norsk krigføring i utlandet.[12] Skepsisen han kjem óg til uttrykk i Resett som har publisert analysar av NRK Dagsrevyen si dekning av Libya-konflikten.[13]

I følgje journalisten Carline Tromp byggjer Resett på same oppskrift som Breitbart, med sensasjonsprega overskrifter om muslimar og islam, og skulningar mot hovudstraumsmedium og politikarar om løgn og bedrag. Resett har óg drive harde kampanjar mot einskildpersonar.[14]

Eigarar

endre

I 2018 var 21 eigarar i Resett.[15]

16 eigarar kom til i 2018; Nye aksjonærar var (2018) mellom anna finansaktørar[16] Geir Eyvind Hesselberg, Wenche Skullerud, Harald Dahl og Joakim Olsen Saunes, i tillegg til medarbeidarar i Resett

Kontroversar

endre

Politiske kommentatorar i Dagsavisen og Dagbladet har hevda at Resett stadig bryt Ver Varsam-plakaten, og at Resett difor må reknast som ein politisk kampanje og ikkje ei avis.[17][18] Ein forskingsrapport som analyserte artiklar og kommentarfelt i Resett, fann ingen klare brot på Ver Varsam-Plakaten.[19]

3. januar 2018 stod Resett bak offentlegjeringa av «Grande-saken».[20] Seinare kritiserte Resett VG for å ha tia om saka i fleire år, før VG etter Resett si avsløring skal ha forsøkt å gjere saka til si eiga utan å kreditere Resett.[21]

Resett publiserte fleire artiklar om Sumaya Jirde Ali, etter at ho ropa ukvemsord om justisminister Sylvi Listhaug på ei prisutdeling.[22] Omtala av Ali blei kritisert av Unge Høgre sin leiar, Sandra Bruflot og av Erna Solberg som kalla henne «forkastelig».[23] Ali klaga i februar 2018 Resett inn for PFU,[24] men klaga blei ikkje behandla, då Presseforbundet endra vedtektene slik at det ikkje lenger var mulig for Resett og andre redaksjonar som ikkje var medlem av grunnorganisasjonene i pressa å få klager behandla.[25] Aftenposten,[26] Dagbladet,[27] Morgenbladet[28] og Dagsavisen[29] kritiserte Resett si redaksjonelle linje i behandlinga av Ali. Ein forskingsrapport konkluderte med at det var uklart om Resett ville blitt felt i PFU for den redaksjonelle omtala si av Sumaya Jirde Ali.[30]

27. februar 2018 blei Resett felt av Pressens Faglige Utvalg etter å ha publisert ein artikkel om redaktør Erik Sønstelie i 2017 utan å gje han tilsvarsrett. Organet blei òg kritisert for manglande opplysningskontroll og for ikkje å ivareta skiljet mellom kommentarar og faktiske opplysningar.[31][32]

Dåverande kunnskaps- og integreringsminister, Jan Tore Sanner meinte politiet burde etterforska om kommentarar på nettstaden Resett braut med lova for hatefulle ytringar etter å ha lese kommentarfelt i etterkant av terrorangrepet 15. mars 2019 i Christchurch på New Zealand.[33][34] Redaktør Helge Lurås meinte Resett verken legitimerte eller applauderte kommentarar, men oppfordra Sanner til å melde kommentarar han meinte fall utanfor ytringsfridomen.[35]

I 2019 omsette NRK Satirisk 39 utdrag frå Anders Behring Breivik sitt «manifest» og la dei i kommentarfeltet på Resett under det oppdikta namnet Jan A. Johansen. Alle innlegga blei aksepterte av Resett sin moderator. Særleg innlegga med aggressiv tone fekk mange bifall.[36]

Resett blei 23. april 2019 låst ute av Google sitt reklamesystem adSense, for brot på retningslinjene. Google meinte at avisa i strid med regelverket hadde oppfordra lesarane sine om å klikke på annonsar. Annonsørane fekk refundert utgiftene sine, og Resett fekk ikkje lenger vise adSense-annonsar.[37] Nettstaden var på førehand blitt svartelista av store annonsørar.[38] I oktober 2019 rapporterte Resett at dei igjen brukte Google adSense.[39]

30. april 2019 avslutta betalingstenesta Vipps kundeforholdet sitt til Resett med grunngjevinga at avisa var «så polariserende» og hadde «misbrukt merkevaren Vipps».[40] Utestenginga skapte reaksjonar, då Vipps er ei essensiell teneste, og stortingsrepresentant Sigbjørn Gjelsvik stilte spørsmål ved om ikkje Vipps har kontraheringsplikt.[41] Vipps omgjorde vedtaket etter kort tid.[42]

18. september 2019 sendte Lars Gule ein Resett-artikkel om Abid Raja med kommentarfelt til politiet, då han meinte at ein kommentar til artikkelen framstod som eit trugsmål retta mot ein stortingsrepresentant. Kommentaren var framsett på Facebook utan mogleik for førehandsmoderering, og han vart raskt fjerna av redaksjonen. Menneskerettsjuristen Njål Høstmælingen vurderte at andre kommentarar til artikkelen var «godt innenfor ytringsfrihetens trygge rammer».[43]

I januar 2020 publiserte Resett namnet på ei terrorsikta kvinne som var henta til Noreg. Forsvararen til kvinna bad om midlertidig forføying for å hindre publisering, men trekte dette etter nokre dagar.[44]

Ein av Resett sine journalistar byta den 22. juli 2020 profilbilete på sin eigen Facebook-konto til eit bilete av ein tempelriddar med visir og brynje. Dette utløyste krasse reaksjonar, ettersom gjerningsmannen bak terroraksjonene 22. juli 2011 hadde hevda at han hadde utført aksjonane som leiar for tempelriddarane – ein væpna munkeorden som for øvrig opphøyrde å eksistere mange hundreår tidlegare.[45] Journalisten blei avsett, og redaktør Helge Lurås sa det var viktig for Resett å ta fullstendig avstand frå Breivik sin terroraksjon og alle andre ekstremistar.[46]

Hans Geelmuyden har latt Resett publisere innhald frå sin blogg, og har gitt uttrykk for at Resett har eit demokratisk fundament.[47]

Forhold til Norsk Redaktørforening

endre

I 2018 søkte Helge Lurås om medlemskap i Norsk Redaktørforening, men søknaden vart avslått. Avslaget blei grunngjeve med gjentatte brot på Ver Varsam-plakaten, tilbodet om formidling av eit stort pengebeløp til eit ønska intervjuobjekt og oppfordring av boikott av andre medium.[48][49]

Kjelder

endre
  1. «Resett legger ned»; vitjingsdato: 14. desember 2022; utgjevar: Journalisten; kortnamn på forfattar: Nils Martin Silvola; språk på verket: bokmål; utgjevingstidspunkt: 14. desember 2022.
  2. «Resett melder oppbud»; vitjingsdato: 14. desember 2022; utgjevar: Resett; kortnamn på forfattar: Øystein Steiro Sr.; utgjevingstidspunkt: 14. desember 2022; arkiveringsdato: 14. desember 2022; språk på verket: bokmål; arkiv-URL: https://web.archive.org/web/20221214113046/https://resett.no/2022/12/14/resett-melder-oppbud/.
  3. Resett når 560 000 unike besøkende i mars 2018
  4. Øystein Aldridge, Hanne Christiansen (23. august 2017). «Med kjente milliardærer på laget starter Helge Lurås». Aftenposten. Henta 23. august 2017. 
  5. resett.no: Om oss
  6. Johansen, Glenn Slydal (18. juli 2018). «Dette er eierne av Resett». journalisten.no (på norsk). Henta 22. april 2019. 
  7. 7,0 7,1 «Nettstedet Resett har fått 16 nye investorer». www.dn.no (på norsk). Henta 17. juli 2018. 
  8. Karianne Grindem (16. mars 2018). «Resett utestenges fra PFU: - Var som forventet». Dagbladet. Arkivert frå originalen 20. februar 2019. Henta 21. desember 2019. 
  9. Brække, Jonas (3. februar 2020). «Frikjennes av forskere». Klassekampen. «Helge Lurås mener seg fanget i et slags «Catch 22»: – Fordi vi ikke er medlem av Redaktørforeningen, får vi heller ikke mulighet til å forsvare oss mot anklager om brudd på Vær varsom-plakaten, sier Lurås.» 
  10. «Resett-plakaten» (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 29. november 2019. Henta 10. februar 2019. 
  11. Lars Akerhaug (8. februar 2019). «Resett tjener ikke penger på hat» (på norsk bokmål). Morgenbladet. Arkivert frå originalen 12. februar 2019. Henta 10. februar 2019. «Så hvis jeg skal si noe om hva som er vår egentlige forretningsmodell, så er det vel nettopp denne holdningen fra de etablerte mediene og kultureliten som driver mange lesere til alternative medier. Vi er mange som har opplevd konsekvensene av å snakke om betente spørsmål som kulturelle konsekvenser av høy innvandring. Da dukker anklagene om at man sprer eller legitimerer hat og rasisme raskt opp. Konsekvensene er at mange ikke kjenner igjen hvordan etablerte medier og toneangivende intellektuelle beskriver virkeligheten, når betraktninger vanlige mennesker gjør seg forsøkes stemplet som hatefulle. Det er jo en grunn til at nettaviser som Resett, Document og Rights.no kalles alternative medier. Hadde de etablerte mediene gjort jobben sin, ville vår eksistensberettigelse ha falt bort.» 
  12. «Libya ble en rent sinnelagsetisk operasjon, som etterlot seg kaos». 29. september 2015. 
  13. Birkelund, Lars (13. juli 2018). «Dagsrevyens naive dekning av Libya-opprøret i 2011». resett. «Politikerne i Norge fatter sine beslutninger bl.a. på hva norske medier sier (og ikke sier) og da særlig NRK/Dagsrevyen. Og ensrettingen i de største norske/vestlige mediene var så og si totalt til fordel for opprørerne og NATO/Norges kommende intervensjon, en intervensjon som viste seg å bli katastrofal.» 
  14. «Trollene som ikke sprakk: Et forsøk på kart og kompass til alt-right: Nytt Norsk Tidsskrift: Vol 35, No 2». Nytt Norsk Tidsskrift (på norsk). doi:10.18261/issn.1504-3053-2018-02-07. Henta 19. februar 2022. «Nettavisa Resett, som ble startet i 2017, synes å bygge mer direkte på Breitbart-konseptet. I tillegg til skrikende overskrifter om muslimer og islam, er disse mediene opptatt av å beskylde hovedstrømsmediene og politikere for løgn og bedrag, i tillegg til harde kampanjer mot enkeltpersoner som har stukket hodet fram i innvandringsdebatten.» [daud lenkje]
  15. https://www.hegnar.no/Nyheter/Naeringsliv/2018/07/Nettstedet-Resett-har-faatt-16-nye-investorer
  16. Sara Hegna Hammer. "Notert: Resetts nye eiere". Klassekampen. 2018-07-19. S. 26
  17. «Det er ikke journalistikk». www.dagsavisen.no (på norsk). Henta 20. desember 2019. 
  18. Ramnefjell, Geir (27. april 2019). «Resett vil være avis. Så hyggelig!». Dagbladet.no (på norsk). Henta 20. desember 2019. 
  19. Brække, Jonas (3. februar 2020). «Frikjennes av forskere». Klassekampen. ««Vi har gått gjennom samtlige saker, og finner ingen som synes å være klare brudd på VVP», står det blant annet i undersøkelsen av Resett, som er utført av professor Paul Bjerke og førsteamanuensis Idar Flo ved Høgskulen i Volda, samt professor Birgitte Kjos Fonn ved Oslo Met.» 
  20. «Nok en sak om upassende atferd rammer norsk politikk – denne gang er det Trine Skei Grande». Resett (på norsk bokmål). 29. november 2018. Henta 29. november 2018. 
  21. «Var det Resett eller Ola Borten Moe som bestemte når sex-sakens andre fase skulle starte?». Resett (på norsk bokmål). 22. april 2018. Henta 30. august 2018. 
  22. Zähler, Maria (6. februar 2018). «Resett tapte kåring som Årets verste stemme til Linda Hofstad Helleland». Resett. ««Fuck Sylvi Listhaug, hylte Jirde fra scenen og publikum stemte i»» 
  23. «Solberg: - Behandlingen av Sumaya Jirde Ali er forkastelig». Dagbladet.no (på norsk). 6. mars 2018. Henta 27. februar 2019. «Statsminister Erna Solberg (H) tar den prisbelønte spaltisten og samfunnsdebattanten Sumaya Jirde Ali i forsvar og kaller angrepene mot henne uakseptable. Lurås svarer begge lederne med å be dem være mer presise. – Solberg kan ikke komme med slik upresis kritikk uten å stå for det. Hva er det helt konkret som er kritikkverdig, spør han.» 
  24. «Resett klaget inn til PFU for muslimhets». Dagbladet.no (på norsk). 26. februar 2018. Henta 27. februar 2019. «Søndag klaget hun Resett inn for Pressens Faglige Utvalg (PFU) for brudd på blant annet punktet om beskyttelse av enkeltmennesker og grupper mot overgrep, på punktene om å vise saklighet, omtanke og respekt og for ikke å rette feilaktige opplysninger.» 
  25. Brække, Jonas (3. februar 2020). «Frikjennes av forskere». Klassekampen. «Den eneste gangen Resett er blitt felt for brudd på god presseskikk i PFU, var i oktober 2017. Året etter endret imidlertid Presseforbundet sine vedtekter, slik at det ikke lenger var mulig for Resett og andre redaksjoner som ikke er medlem av pressens grunnorganisasjoner å få klager behandlet i PFU. Dermed ble heller ikke klagen som Sumaya Jirde Ali hadde sendt inn mot Resett behandlet.» 
  26. Rossavik, Frank (26. februar 2018). «Enkelte trenger åpenbart ikke ytringsfrihet, de trenger hjelp». Aftenposten (på norsk bokmål). Henta 27. februar 2019. «Man må ikke engang til kommentarfelt for å finne kloakken, det holder å gå til det «nye mediet» Resett, der en anonym barsking i en stort oppslått artikkel blant annet kaller Sumaya Jirde Ali «spissen på det somaliske og særdeles aktivt fødende, tunge spydet som er kastet inn i Norge».» 
  27. «Erna burde stille opp i Bergen sammen med Sumaya på 8. mars (leder)». Dagbladet.no (på norsk). 5. mars 2018. Henta 27. februar 2019. «Etter å ha blitt utsatt for en ekstrem netthets og grove trusler i lengre tid, men særlig de siste par ukene etter at nettstedet Resett satte henne i gapestokken, valgte hun til slutt å trekke seg fra et 8. marsarrangement i Berge» 
  28. «Nekt hets en plattform». morgenbladet.no (på norsk bokmål). 7. september 2018. Henta 27. februar 2019. «Helge Lurås bør selv begynne opprydningen i sitt eget alternative medium.» 
  29. «Farlig hat mot Sumaya Jirde Ali». www.dagsavisen.no. 1. mars 2018. Henta 27. februar 2019. «Resett og Lurås kan umulig være overrasket over hvilket grums de har manet fram i egne kommentarfelt. De har valgt seg en av våre samfunnsdebattanter som får mest hets, og bygget opp et bilde av henne som passer perfekt med nettrollenes fordommer. Det er kynisk, og en grov forsømmelse av det ansvaret Resett hevder å ville ta som en alternativ del av medieoffentligheten.» 
  30. Brække, Jonas (3. februar 2020). «Frikjennes av forskere». Klassekampen. «Men ifølge forskerne er det «helt uklart om Resett ville blitt felt i PFU for sin redaksjonelle omtale av Trine Skei Grande og Sumaya Jirde Ali».» 
  31. Pressens faglige utvalg PFU-sak 239/17, hentet 29. november 2018
  32. Gard L. Michalsen (27. februar 2018). «PFU: Resett brøt god presseskikk da de publiserte tekst fra høyreekstremt nettsted». Aftenposten. Henta 27. februar 2018. 
  33. Jørgen Gilbrant (18. mars 2019). «- Jeg blir fysisk dårlig. Jeg måtte ta pauser» (på norsk). Dagbladet. Henta 18. mars 2019. «– Det Resett slipper gjennom, det er skremmende. Det er farlig. Jeg blir fysisk dårlig av å lese det.» 
  34. «Sanner mener politiet bør ettergå kommentarfelt på nettstedet Resett». www.aftenposten.no (på norsk bokmål). Henta 20. september 2021. 
  35. Jørgen Gilbrant (18. mars 2019). «- Jeg blir fysisk dårlig. Jeg måtte ta pauser» (på norsk). Dagbladet. Henta 18. mars 2019. «Hvis Sanner finner kommentarer han mener faller utenfor ytringsfriheten, bør han anmelde disse til politiet, skriver Lurås» 
  36. Jensen, Christine Rehn (15. mars 2019). «Slik ble Resett lurt av NRK Satiriks». NRK (på norsk bokmål). Henta 18. januar 2021. «Jan A. Johansen har likevel fremstått som en rolig og relativt reflektert stemme på Resetts sider. Innholdet og språkbruken fra det såkalte manifestet har en mer behersket og analytisk form enn mye av det som skrives på Resett, både i kommentarfeltet og i de redaksjonelle kommentarene. https://disqus.com/by/janajohansen/» 
  37. Ole Alexander Saue (23. april 2019). «Google blokkerer Resett: Alle annonsar er borte, og annonsørane får pengar refundert» (på norsk bokmål). medier24.no. Henta 23. april 2019. 
  38. Sverre Holm-Nilssen og Line Tomter (29. april 2019). «Store annonsører svartelister Resett etter Twitter-kampanje» (på norsk bokmål). nrk.no. Henta 19. april 2019. 
  39. Lurås, Helge (23. oktober 2020). «Resett er tilbake på Google Adsense». Resett. 
  40. Maria Knoph Vigsnæs (30. april 2019). «Vipps kaster ut Resett: – De har misbrukt merkevaren vår» (på norsk bokmål). nrk.no. Henta 30. april 2019. 
  41. «Skriftlig spørsmål fra Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til finansministeren». Stortinget (på norsk). 7. mai 2019. Henta 22. april 2022. 
  42. Thuestad, Øyvind (30. april 2019). «Vipps snur etter «dialog med Resett» – åpner kontoen igjen». Document (på norsk bokmål). Henta 22. april 2022. 
  43. Olsson, Svein Vestrum (18. september 2019). «Ber politiet vurdere Resett-innlegg om Raja». NRK (på norsk bokmål). Henta 22. april 2022. 
  44. NTB (24. januar 2020). «Stevnet Resett for å ha identifisert IS-kvinne - trekker nå saken». journalisten.no (på norsk). Henta 25. februar 2020. 
  45. Torgeir Knutsen og Truls Naas (2. august 2020). «22. juli byttet Resett-journalist profilbilde til Breiviks påståtte terrorgruppe: – Misforståelse» (på norsk). TV 2. Henta 26. august 2020. «Samtidig som store deler av Norge markerte at det er ni år siden Anders Breivik drepte 77 personer bytter journalisten i Resett profilbilde. | Bildet viser en ridder av «knights templar». Det er samme gruppe som Breivik hardnakket påsto at han var en del av i forbindelse med terrorangrepet den 22.juli. | Breivik har påstått at dette var en gruppe som han var kommandør av. I avhør har han fortalt at gruppen hadde andre terrorceller klare til angrep.» 
  46. Torgeir Knutsen (2. august 2020). «Resett-journalist fikk sparken etter dette bildet» (på norsk). TV 2. Henta 28. august 2020. «Jeg kjenner Erling og vil gjerne tro ham på at det hele var en tilfeldighet. Men tvilen vil bestå hos mange, og det er svært viktig for Resett å ta fullstendig avstand Breiviks terroraksjon og alle andre ekstremister, skriver Lurås» 
  47. Johannessen, Stian Øvrebø. «Pr-toppene lot Resett publisere deres innhold – nå sier ett pr-byrå stopp». Dagens Næringsliv. «Slik jeg ser det, står Resett på trygg, demokratisk grunn. Jeg kan faktisk ikke med min beste vilje forstå hvorfor mange i høst ble krakilske da jeg lot Resett republisere en tekst, sier konsernsjef Hans Geelmuyden i Geelmuyden Kiese.» 
  48. Johansen, Glenn Slydal; Aarli-Grøndalen, Roger (21. september 2018). «Resett-redaktør Helge Lurås nektes medlemskap i Norsk Redaktørforening». journalisten.no (på norsk bokmål). Henta 22. april 2022. 
  49. NTB | (24. september 2018). «Resett-redaktør avvist av redaktørforeningen». dagbladet.no (på norsk). Henta 22. april 2022. 

Bakgrunnsstoff

endre