Helgelands Blad er ei lokalavis som kjem ut i Sandnessjøen og som dekkjer kyststròka på Helgeland, spesielt frå Midthelgeland og nordover. Ho kjem ut måndag, onsdag og fredag ettermiddag.

Dagleg leiar og ansvarleg redaktør er Einar Mørch.

Opplagstal

endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag
2000 6 445
2001 6 379
2002 6 129
2003 6 388
2004 5 919
2005 5 868
2006 5 761
2007 5 758
2008 5 710
2009 5 479
2010 5 206
2014 4 589

Historie

endre

Avisa vart første gong utgjeven i 1904. Den første redaktøren i Helgelands Blad var Kristoffer Forfang, redaktør frå 1904-1939. Då Kristoffer Forfang døydde overtok sonen hans, Kalf Forfang, sidan sonen hans igjen, Svein Forfang. 1.august 1995 overtek Håvard Eide som sjefsredaktør. Han er den fyrste utanfor familien Forfang som entrar leiarposisjonen i avisa. Eide sit eit åremål då familien ikkje vil flytte frå Mosjøen. Han legg grunnen for den moderne avisa av i dag.

Kjelder

endre
  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.
  Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.