Helikopterulukka på Heerodden
Helikopterulukka på Heerodden fann stad 30. mars 2008, då eit russisk helikopter av typen Mi-8 havarerte under landing på den russiske helikopterbasen på Heerodden utanfor Barentsburg på Svalbard. Det var ni passasjerar ombord, alle russiske og ukrainske statsborgarar heimehøyrande i Barentsburg. Tre personar omkom og to personar vart alvorleg skadde. Dei omkomne var kapteinen, styrmannen og éin av passasjerane tilsett hos Trust Arktikugol. Dei tre omkomne vart frakta til Longyearbyen om kvelden og sende til rettsmedisinsk undersøking i Tromsø. Dei alvorlege skadde, begge russiske statsborgarar, vart frakta til sjukehuset i Longyearbyen. Natt til 31. mars vart dei to skadde frakta med ambulansefly til den ortopediske avdelinga ved Universitetssjukehuset Nord-Noreg for behandling av brotskader.
Helikopterulukka på Heerodden | |
Dato | 30. mars 2008 |
Ulukkesstad | Heerodden utanfor Barentsburg på Svalbard i Noreg |
Passasjerar | 7 |
Mannskap | 2 |
Skadde | 2 |
Omkomne | 3 |
Overlevande | 6 |
Tok av frå | Pyramiden |
Siste mellomlanding | Longyearbyen |
Destinasjon | Heerodden |
På ulukkestidspunktet var det tett snødrev og under ti meter sikt. Ifylgje presseattaché Kolesnikov ved den russiske ambassaden i Oslo var årsaka til ulukka at helikopteret vart teke av eit stormkast under landing og kasta inn i hangarveggen. Det var fleire spor i hangarbygningane etter rotoren.
Det havarerte helikopteret var det einaste russiske helikopteret som var i aktivitet på Svalbard.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Helikopterulykken på Heerodden» frå Wikipedia på bokmål, den 18. oktober 2011.