Helikståka
planetarisk tåke
Helikståka (katalogisert NGC 7293) er ei planetarisk tåke som ligg rundt 700 lysår unna i stjernebiletet Vassmannen og er mellom dei næraste planetariske tåkene.[1]
Helikståka består av gass kasta av ei døyande sollik stjerna, og i midten av ho ligg det ein kvit dverg som i lag med den planetariske tåka sjølv er det som er att av stjerna. [2]
Helikståka blei oppdaga av den tyske astronomen Karl Ludwig Harding før 1824.[3]
Kjelder
endre- ↑ Hora, Joseph L.; Latter, William B.; Smith, Howard A.; Marengo, Massimo (2006). «Infrared Observations of the Helix Planetary Nebula». The Astrophysical Journal (1 utg.) 652: 426–441. doi:10.1086/507944.
- ↑ «Comets Kick up Dust in Helix Nebula» - biletteksten til eit Spitzer Space Telescope-bilete hjå NASA
- ↑ «NGC 7293, The Helix Nebula» - om helikståka på www.seds.org