Hellefjellet, òg kalla Heilefjellet, er eit fjell som går langs sørsida av Førdefjorden. Fjellet er delt mellom kommunane Askvoll og Sunnfjord. Hellefjellet går stupbratt rett opp frå Førdefjorden til det høgaste punktet Blægja (1304 moh.), vidare aust finn ein Heilestaurane. Midt på fjellet ligg isbreen Blåfonna, òg kalla Trollfonna. Hellefjellet ligg plassert på Askvollhalvøya. Hellefjellet er det høgaste fjellet mellom Sognefjorden og Førdefjorden.

Hellefjellet
fjell
Hellefjellet sett frå fjorden
Land  Noreg
Område Askvoll, Sunnfjord (Vestland)
Høgd 1 304 moh.
Koordinatar 61°25′27″N 5°30′39″E / 61.42404°N 5.51087°E / 61.42404; 5.51087
Kart
Hellefjellet
61°25′27″N 5°30′39″E / 61.42404°N 5.51087°E / 61.42404; 5.51087
Spire Denne geografiartikkelen som har med Vestland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.