Helligvær
Helligvær er ei øygruppe og eit fiskevær som ligg vest for Landegode og nordvest for Bodø i Nordland.
Helligvær | |
---|---|
Frå Helligvær Foto: Øystein H. Brekke
| |
Geografi | |
Stad | Salten |
Koordinatar | 67°25′00″N 13°54′07″E / 67.41667°N 13.90194°E
|
Høgaste punkt | Størrihaugen (50 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Noreg |
Fylke | Nordland
|
Demografi | |
Folketal | 100
|
Helligvær består av mange øyar, holmar og skjer, det er sagt å vere i overkant av 365. Fem av øyane er busett: Sørvær, Brønnøy, Storsørøy, Vetterøy og Vokkøy, der Sørvær er den mest utbygd med mellom anna hurtigbåtkai, gjestekai og butikk. Øyane har til saman rundt 100 innbyggjarar, der om lag 90 av desse bor på Sørvær.
Helligvær har dagleg hurtigbåtsamband til Bodø. Postadressa til øygruppa er 8095 HELLIGVÆR.
Hovudnæringa på øyane er fiske.
Bakgrunnsstoff
endre- Helligvær skole - med meir utfyllende informasjon Arkivert 2007-09-28 ved Wayback Machine.
- turliv.no - informasjon og bilete frå Sørvær, Feshholmen, Inner Kvannøya og PrestøyaDenne geografiartikkelen som har med Nordland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.