Hellmuth Marx (17. juni 19151. januar 2002) var ein austerriksk bilethoggar.

Hellmuth Marx
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 17. juni 1915
Linz
Død

1. januar 2002 (86 år)
Lienz

Yrke bilethoggar, kunstmålar
Hellmuth Marx på Commons

Liv endre

Hellmuth Marx kom til verda i Linz som den yngste av fem barn. Faren hans, Viktor Marx frå Graz (1870-1928) var offiser i den keisarlege hæren; mora hans, Clara Marx, fødd Pichler (1876-1948), kom frå Oberdrauburg (Gasthof Post).

I 1926 gjekk han på middelskulen i Graz, heimstaden til farmora hans (Theresia Pesendorfer, frå ein gruvefamilie). I juni 1933 tok han artium ved Marieninstitut.

Frå 1933 studerte Marx arkitektur i sju semester ved Den tekniske høgskulen i Graz – kan hende var han inspirert av Pichler-familien i Oberdrauburg. Samstundes studerte han ved Kunstskulen i Steiermark hos professorane Daniel Pauluzzi, Alfred Wickenburg og Fritz Silberbauer. Truleg srtuderte han der også hos Wilhelm Gösser, som leia ein meisterklasse i treskjerar- og bilethoggarkunst. Wilhelm Gösser var son til bilethoggaren Hans Brandstetter, som i 1909 laga ei minnetavle over diktaren Friedrich Marx i Oberdrauburg.

I 1938/39 vart han innkalla til militærteneste i Klagenfurt og måtte som soldat dra til fronten ved Nordishavet. Krigshendingane brakte han heilt til Lappland i Finland og Narvik i Noreg. Frå mai 1939 til januar 1940 fekk han høve til å avbryte militærtenesta og vere student ved Den allmenne bilethoggarskulen ved Akademiet for bildande kunst i Wien, etter fyrst å ha avlagd ei vellukka opptaksprøve. Her var han – takka vere ein studiepermisjon – innskriven som student fram til vintersemesteret 1941/1942.

I 1946/1947 reiste han attende til Wien til akademiet ved Schillerplatz, til meisterskulen for bilethoggarkunst til Josef Müllner. I 1948 hadde han slått seg ned hos mora og dei to systrene sine i Heiligenblut ved Großglockner. Etter studietida i Wien blei han frå juni 1947 til hausten 1955 verande i Heiligenblut og byrja frå 1948 å arbeide som frittståande kunstnar.

Etter år med pendling mellom Heiligenblut og Oberdrauburg slog han seg endeleg ned her i Oberdrauburg og budde her i Stainernhaus ved Postplatz (i dag kalla torget) heilt til han døydde.

1. januar døydde Hellmuth Marx i Lienz.

Verk endre

Hellmuth Marx skapa som bildande kunstnar figurative verk; menneskekroppen dominerte i verka hans. Framfor alt var han bilethoggar. I tillegg til dette hovudområdet arbeidde han òg med andre typar bildande kunst, til dømes maleri. I bilethoggarutdanninga inngjekk aktteikning og maling, noko han arbeidde med frå tid til anna, og seinare utvida med fotografi. Negativane til fotoa, blant dei portrettbileta, har gått tapt.

Døme endre

Kjelder endre

  • Heidi Brunnbauer: Hellmuth Marx. Bildhauer in Oberdrauburg, Leben und Werke , ISBN 978-3-902589-51-4, Edition Weinviertel, 2014, p 9

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Hellmuth Marx