Helsebiblioteket

norsk nettsted om helse og helserelatert stoff

Helsebiblioteket.no er ein offentleg finansiert nettstad som blei lansert 6. juni 2006[1] og som gir norsk helsepersonell og studenter gratis tilgang til oppdatert, fagleg kunnskap.[2]

Helsebiblioteket.no

Helsebiblioteket held til i Domus & Medicus, det gamle Rikshospitalet sin kvinneklinikk.
Foto: Helge Høifødt
Type nettstadOffentleg
Tilgjengeleg påNorsk
Grunnlagd20066. juni 2006
Nettstadwww.helsebiblioteket.no

Dette blir gjort ved å

  • abonnere på og gi tilgang til elektroniske tidsskrift
  • gi tilgang til databaser og kliniske oppslagsverk
  • gi tilgang til oppsummert forsking
  • samle nettressursar
  • skrive eigne aktueltartiklar

Helsebiblioteket.no gir tilgang til ny forsking, oppsummert forsking, nasjonale faglege råd og retningslinjer frå offentlege myndigheiter, rettleiingar, råd og prosedyrar frå anerkjende fagmiljø. Helsebiblioteket inneheld fleire emnesider. Dei mest omfattande er forgiftingar, kvalitetsforbetring, legemiddel, psykisk helse og samfunnsmedisin og folkehelse.

Nettstaden blir finansiert gjennom Statsbudsjettet. Han er driven av Folkehelseinstituttet[3]. Professor dr. med. Magne Nylenna er ansvarleg redaktør for nettstaden.

6. januar 2012 fekk Helsebiblioteket.no Norsk bibliotekforening sin pris Årets bibliotek 2011. Det er første gong prisen gjekk til eit heildigitalt bibliotek.[4]

Helsebiblioteket held til i det gamle Rikshospitalet sin kvinneklinikk, no Domus & Medicus, i Pilestredet park 7 i Oslo.

Helsebiblioteket har frikjøpt sentrale oppslagsverk som Legevakthåndboken, BMJ Best Practice, UpToDate og Micromedex for alle i Noreg.

Helsebiblioteket tilbyr også elektroniske tidsskrift som BMJ (British Medical Journal), JAMA (The Journal of the American Medical Association) og The New England Journal of Medicine (NEJM).

Helsebiblioteket er mykje nytta, både av helsepersonell, studentar og lekfolk.[5]

Kjelder

endre
  1. Erikstein, Bjørn; Larsen, Bjørn-Inge; Røttingen, John-Arne. «Helsebiblioteket» gir fagstoff til alle. Dagbladet 7. juni 2006.
  2. Organisering og finansiering Arkivert 2016-02-04 ved Wayback Machine.. Helsebiblioteket.no 18. januar 2016.
  3. Nye oppgaver i 2016[daud lenkje]. Folkehelseinstituttet 18. desember 2015.
  4. Helsebiblioteket.no er Årets bibliotek 2011 Arkivert 2014-12-05 ved Wayback Machine.. Norsk bibliotekforening 6. januar 2012.
  5. Eggen, Runar; Tjensvoll, Kjell; Nylenna, Magne. Examining the Use of an Open Digital Health Library for Professionals. JMIR Research Protocols Oct-Dec 2014

Bakgrunnsstoff

endre