Helsingland (svensk Hälsingland) er eit landskap i søndre Norrland i Midt-Sverige som grensar til Gästrikland i sør, til Dalarna og Herjedalen i vest, og til Medelpad i nord. Grovt rekna utgjer landskapet nordre luten av Gävleborgs län. I dette landskapet finst det om lag 150 000 synlege fornminne.

Helsingland
landskap
Førti meter lang steinrøys frå bronsealderen i Klapern i Svartviks by i Norrala socken.
Symbol
Land  Sverige
Del av Sverige
Areal 14 270 km²
Folketal 130 733 (31. desember 2020)[1]
Kart
Hälsingland
61°30′43″N 16°30′25″E / 61.512°N 16.507°E / 61.512; 16.507
Wikimedia Commons: Hälsingland

Helsingland har fått namnet sitt frå Tore Helsing, som flydde frå Jamtland på 800-talet.[2]

Helsingland er det einaste landskapet i Sverige som gjer teneste som eufemisme for helvete. Ifylgje kjelder var dette praksis allereie tidleg på 1690-talet.[3]

Geografi

endre

Størsteparten av Helsingland er prega av åsar, med den 671 meter høge Garpkölen som den høgste. Største innsjø er Dellensjöarna, viktigaste vassdraget er Ljusnan som kjem frå Herjedalen, renn gjennom heile Helsingland, og munnar ut ved tettstaden Ljusne i Söderhamns kommune.

Folketalet i Helsingland er 133 540 og arealet er 14 264 km², slik at det i gjennomsnitt bur 9,4 personar per kvadratkilometer i dette landskapet.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Folkmängd i landskapen den 31 december 2020». Statistiska centralbyrån. 
  2. Kjetil Jemte, som til Onund jarl frå Sparbu fór aust over Kjølen, og ein heil brote folk med han; dei bygde store bygder der det sidan heiter Jemtland. Soneson til Kjetil var Tore Helsing; han fór for ei draps-sak frå Jemtland og aust over til skogane som der ligg, og bygde; og dit søkte mykje folk med han. Dette landet kallar dei Helsingland. Snorre Sturlasson Kongesoger på nynorsk, i kapittelet Soga om Håkon den gode - side 87.
  3. Hellquist, Elof: Svensk etymologisk ordbok, Gleerups förlag, Lund 1922, första upplagan, s. 257. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Helsingland
  Denne geografiartikkelen som har med Sverige å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.