Heltbergs studentfabrikk
Heltbergs studentfabrikk, eigentleg Heltberg og Reehorst Real- og Latinskole, var ein norsk «studentfabrikk», det vil seia ein skule som førebidde studentar på opptakseksamen ved universitetet. Han blei oppretta av Henrik Anton Schjøtt Heltberg (1806–1873) og Wessel Joachim Andreas Reehorst (1824–1910) i 1846.
Heltbergs studentfabrikk låg i Kongens gate 5 i Kristiania.[1] Kjende personar som A.O. Vinje, Henrik Ibsen, Bjørnstjerne Bjørnson og Jonas Lie gjekk der og kunne bli kjende med kvarandre. Arne Garborg skildrar miljøet i romanen Bondestudentar.
Kjelder
endre- ↑ «Kongens gd. no. 5, 1897». Historier.no. Henta 6. april 2019.