Hem kyrkje er ei langkyrkje i Larvik kommune i Vestfold. Kyrkja er første gong nemnt i 1392 og soknet i 1388. 600-årsjubileum vart feira i 1992, men kyrkja er av ein type som gjerna vart bygd på 1100- og 1200-talet.

Hem kyrkje
kyrkje
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Vestfold
Kommune Larvik
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Tunsberg
Prosti Larvik
Sokn Hem
Fellesråd Larvik
Type Langkyrkje
Teknikk Mur
Material Stein og tre
Innvigd Usikkert
 - Endringar M.a. 1686, 1700-talet, 1847, 1930–32, 1951
Takryttar Av tre, på skipet
Kor Rett avslutta
Klokker 2: 1100-talet og 1945 (O. Olsen & Søn)
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Ca. 1680 (rest. med seinare bilete)
Døypefont Ca. 1680
Altartavle Katekismetavle, ca. 1600
Orgel Vestfold Orgelbygg, 1966
Sitjeplassar 90
Kart
Hem kyrkje
59°25′36″N 10°01′13″E / 59.42661889°N 10.02039°E / 59.42661889; 10.02039
Wikimedia Commons: Hem kirke

Skipet og koret er av stein (bordkledt bindingsverk i austgavlen på skipet) og frå mellomalderen. Det tømra våpenhuset er truleg frå midten av 1800-talet. Den noverande takryttaren (også av tre) er frå 1847 (ombygd på 1900-talet). Sakristiet er frå 1932 og vart flytta i 1951.

Kyrkja var i privat eige til 1913. Utanfor kyrkjegardsmuren står eit kombinert bårehus og servicebygg frå 1976.

Litteratur endre

Bakgrunnsstoff endre