Hen Wlad fy Nhadau

(Omdirigert frå Hen Wlad Fy Nhadau)

«Hen Wlad fy Nhadau» er av tradisjon den walisiske nasjonalsongen.[1] Tittelen tyder Mitt gamle fedreland, men er blitt omsett og kjend på engelsk som The Land of My Fathers. Teksten blei skriven av Evan James og tonesett av sonen hans, James James, som begge budde i Pontypridd i Glamorgan i januar 1856.[1][2] Den eldste nedteikninga av songen er teken vare på, og er no del av samlinga til det walisiske nasjonalbiblioteket.[2]

Hen Wlad Fy Nhadau

Dei eldste notane til «Hen Wlad Fy Nhadau» skrivne av komponisten James James i 1856
Nasjonalsong forWales
Også kjend somOld Land of My Fathers
TekstEvan James
MusikkJames James, 1856
Lyddøme
Opptak av «Hen Wlad Fy Nhadau» frå 1899
Det walisiske heimlandet.
Walisiske fjell er mellom det som blir lovprisa i songen.

Songen var opphavleg kjend som «Glan Rhondda», Rhondda-breidda, og voks i popularitet etter skaldemøtet i Llangollen i 1858. Han var der del av repertoaret til vinnaren, Thomas Llewelyn. Ein dommar bad om lov til å gje ut songen, og gjorde dette i Gems of Welsh melody (1860-64) der han gav han den nye tittelen, «Hen Wlad Fy Nhadau». Han blei sungen stadig meir og fekk etter kvart den uoffisielle statusen som nasjonalsong.[2]

Det første opptaket av walisisk skjedde då Madge Breese song «Hen wlad fy nhadau» den 11. mars 1899 for Gramophone Company.[2][3] Songen er blitt omsett og framført fleire gonger på engelsk, og på det keltiske grannespråket bretonsk.

Tekst

endre

Walisisk tekst

Hen Wlad Fy Nhadau

1.

Mae hen wlad fy nhadau yn annwyl i mi,
Gwlad beirdd a chantorion, enwogion o fri;
Ei gwrol ryfelwyr, gwladgarwyr tra mâd,
Tros ryddid gollasant eu gwaed.
Gwlad, gwlad, pleidiol wyf i'm gwlad.
Tra môr yn fur i'r bur hoff bau,
O bydded i'r hen iaith barhau.


2.

Hen Gymru fynyddig, paradwys y bardd,
Pob dyffryn, pob clogwyn i'm golwg sydd hardd;
Trwy deimlad gwladgarol, mor swynol yw si
Ei nentydd, afonydd, i mi.

3.

Os treisiodd y gelyn fy ngwlad tan ei droed,
Mae hen iaith y Cymry mor fyw ag erioed.
Ni luddiwyd yr awen gan erchyll law brad,
Na thelyn berseiniol fy ngwlad.

Engelsk omsetjing

The Old Land Of My Fathers

1.

The old land of my fathers is dear to me,
Land of poets and singers, famous men of renown;
Her brave warriors, splendid patriots,
For freedom shed their blood.
Nation [or country], Nation, I am for my Nation.
While the sea is a wall to the pure, dear bays,
O may the old language [sc. Cymraeg] endure.


2.

Old mountainous Wales, paradise of the bards,
Every valley, every cliff, to me is beautiful.
Through patriotic feeling, so charming is the murmur
Of her brooks, rivers, to me.

3.

If the enemy oppresses my land under his foot,
The old language of the Welsh is as alive as ever.
The muse is not hindered by the hideous hand of treason,
Nor [is] the melodious harp of my country.

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 «Welsh National Anthem». wales.com. Welsh Government. 2014. Henta 24. mai 2014. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 «Welsh anthem – The background to Hen Wlad Fy Nhadau». Wales history. BBC Cymru Wales. 1. desember 2008. Henta 3. desember 2010. 
  3. The first known recording of Hen Wlad fy Nhadau, UK: Gathering the Jewels, arkivert frå originalen 9. desember 2017, henta 5. januar 2019 

Bakgrunnsstoff

endre