Hengelo er ein kommune og by i Nederland i provinsen Overijssel med om lag 80 000 innbyggjarar. Han ligg langs motorvegane A1/E30 og A35, og har ein stasjon langs toglinja Amsterdam - Hannover - Berlin.

Hengelo
Twentekanaal i Hengelo
Twentekanaal i Hengelo
Twentekanaal i Hengelo
Flagget til Hengelo Byvåpenet til Hengelo
Flagget til Hengelo Byvåpenet til Hengelo


Plassering
Plassering av Hengelo
Plassering av Hengelo
Styresmakter
Land
Provinsar
 Nederland
Overijssel
Borgarmeister Frank Kerckhaert
Geografi
Flatevidd
 - By
   - Land
   - Vatn

61,78 km²
  61,06 km²
  0,72 km²
Innbyggjarar[1]
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

81 431
  1 334/km²
Koordinatar 52°16′″N 6°48′″EKoordinatar: 52°16′″N 6°48′″E
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.hengelo.nl

Området har vore busett i eit par tusen år, men kommunen vart først oppretta i 1802 og på denne tida bestod han berre av eit par hundre gardar og arbeidarhus. Hengelo utvikla seg raskt frå ein liten landsby til ein by seint på 1800-talet då han vart eit viktig jernbaneknutepunkt. Dette trekte til seg tungindustri som Stork, Hazemeyer, Heemaf, KHZ og Hollandse Signaal Apparaten. Sjølv om han hadde ein del innbyggjarar fekk aldri Hengelo byrettar.

Under den andre verdskrigen vart byen ofte bombardert av dei allierte på grunn av jernbanestasjonen og fabrikkane som produserte krigsmateriell. Store delar av byen vart lagt i grus 6. og 7. oktober 1944 og fleire hundre menneske mista livet.

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

Fotnotar endre