Henki Kolstad (3. februar 191514. juli 2008) var ein norsk skodespelar. Han vart mest kjend for adventsserien Jul i Skomakargata på NRK, som vart send fyrste gong i 1979. På film spelte han mellom anna i filmane Olsenbanden møter kongen og knekten, De dødes tjern og Freske fraspark. Han er ein av dei skodespelarane som har spelt i flest norske filmar. Han var knytt til Nationalteateret der han mellom anna spelte i En handelsreisendes død. Frå Fjernsynsteateret er han kjend frå Vildanden. På slutten av karrieren sin spelte han i Den spanske flue, som vart filma av NRK, og som det har vorte ein tradisjon å vise i jula.

Henki Kolstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. februar 1915
Christiania
Død

14. juli 2008 (93 år)
Diakonhjemmet Sykehus

Yrke skodespelar, filmregissør, teaterskodespelar, filmskodespelar, fjernsynsskodespelar
Henki Kolstad på Commons