Henri de Massue

(Omdirigert frå Henri de Massue av Galway)

Henri de Massue, Marquis de Ruvigny, sidan jarl av Galway PC (9. april 16483. september 1720) var ein fransk hugenott, soldat og diplomat som var ein viktig person i engelsk teneste i niårskrigen og den spanske arvefølgjekrigen.

Henri de Massue

Fødd9. april 1648
FødestadParis
Død3. september 1720
DødsstadBangor
Ranggeneralmajor, generalmajor
EiningBritish Army
KonfliktarNiårskrigen
Adelstittelgreve, Viscount Galway

Biografi endre

Massue vart fødd i Paris. Han vart soldat og tente i den franske hæren under Turenne, som tykte høgt om han. Truleg på grunna av dei engelske sambanda sine (mora var engelsk) vart han i 1678 vald ut av Ludvig XIV til å føre hemmelege forhandlingar for ein avtale med Karl II, eit vanskeleg oppdrag han utførte i stil. Han etterfølgde faren som general for hugenottane og avviste tilbodet til Ludvig om å halde fram i embetet då Ludvig oppheva ediktet frå Nantes. I 1690 drog han i eksil og gjekk inn i teneste for Vilhelm III av England som generalmajor. Han måtte då sei frå seg eigedomane sine i Frankrike.

I juli 169 utmerkte han seg i slaget ved Aughrim og i 1692 var han ei stund øvstkommanderande i Irland. I november dette året vart han Viscount Galway og Baron Portarlington og fekk fleire eigedomar i Irland. I 1693 kjempa han i Neerwinden og vart skadd. I 1694, som generalløytnant, vart han send for å kommanderte den engelske delen som assisterte hertugen av Savoie mot franskmennene, og samstundes støtte dei kriseråka valdensarane. I 1695 skifta Savoie side og den italienske halvøya vart nøytralisert, og styrken til Galway vart trekt attende til Nederland. Frå 1697 til 1701, ein kritisk periode i irsk historie, hadde jarlen av Galway (han vart forfremma til dette i 1697) i praksis kontroll over irske affærar som irsk rettspresident. Etter nokre år der han trekte seg attende, vart han i 1704 utpeikt til å kommandere dei allierte styrkane i Portugal, ei stillinga han styrte med ære og suksess fram til slaget ved Almanza i 1707 der Galway, trass i at han var dugande og påpasseleg, vart slått av hertugen av Berwick.

Galway skrapte saman ein fersk arme som han fekk kommando over, sjølv om han no var svak. Han utmerkte seg med personleg mot i kamp. Marquis de Bay slo han i slaget ved La Gudina. Etter dette trekte han seg tilbake frå det aktive livet. Den siste tenesta hans var i 1715, då han vart send som ein av rettspresidentane i Irland under jakobittaropprøret. Sidan dei fleste eigedommane hans i Irland og alle dei franske eigedomane var tapt for han, gav parlamentet han ein pensjon på 1500 pund i året. Han døydde ugift og den irske adelskapen med han.

Kjelder endre