Slaget ved La Gudina

Slaget ved La Gudina eller Slaget ved Val Gudina vart utkjempa den 7. mai 1709 nær Arronches mellom den spanske Bourbon-armeen frå Extremadura under Marquis de Bay og portugisarane og britane under hugenotten jarlen av Galway og markien av Fronteira. Slaget vart eit knusande nederlag for den engelsk-portugisiske armeen, og 4 000-5 000 soldatar mista livet, vart skadde eller vart tekne til fange, medan spanjolane berre mista 400 soldatar.[3]

Slaget ved La Gudiña
Del av den spanske arvefølgjekrigen
Dato 7. mai 1709
Stad Nær Arronches på grensa mellom Portugal og Spania.
Resultat Taktisk spansk siger[1]
Dei strategiske måla til Bourbon vart ikkje oppnådd[2]
Partar
Flagget til Portugal Kongedømet Portugal
 Storbritannia
Flagget til Spania Bourbon-Spania
Kommandantar
Flagget til Portugal Markien av Fronteira
Det britiske flagget Jarlen av Galway
Flagget til Spania Marquis de Bay
Styrkar
18 000 infanteristar[3]
5 000 kavaleristar[3]
16 000 infanteristar og kavaleristar[3]
Tap
4 000 døde, skadde eller tekne til fange[3]
17 kanonar mista[3]
400 døde eller skadde[3]
Den spanske arvefølgjekrigen
Flamske og rhinske felttog
Friedlingen – Kehl – Ekeren – Höchstädt – Speyerbach – Schellenberg – Blenheim – Elixheim – Ramillies – Stollhofen – Oudenarde – Beachy Head – Lizard Point – Wijnendale – Lille – Malplaquet – Bouchain – Denain

Italienske felttog
Carpi – Chiari – Cremona – Luzzara – Cassano – Nice – Calcinato – Torino – Castiglione – Toulon – Gaeta – Cesana – Campo Maior – Siracusa
Spanske og portugisiske felttog

Cádiz – Vigobukta – Cap de la Roque – Gibraltar – Ceuta – Málaga – Cabritaneset – Montjuïc – 1. Barcelona – Badajoz – 2. Barcelona – Santa Cruz de Tenerife – Almansa – Xàtiva – Ciudad Rodrigo – Tortosa – Menorca – La Gudina – Almenar – Saragossa – Brihuega – Villaviciosa – 3. Barcelona

Den engelsk-portugisiske armeen rykte fram frå Elvas og passerte elva Caya og hadde spanjolane føre seg, kommandert av Marquis de Bay. Dei to armeane møttest den 17. mai på sletta La Gudina. Det portugisiske kavaleriet vart nedslakta etter svak motstand og etterlet dei to engelske infanteribataljonane eksponerte. Desse vart så angripne og vart tvungne til å overgje seg. Henri de Massue, jarlen av Galway, som fekk hesten sin skoten medan han sat på han, klarte berre så vidt å rømme. Resten av den engelsk-portugisiske armeen trekte seg attende i god orden til Elvas, og vart verande der resten av felttoget og den austerrikske faren frå den portugisiske grensa var utsett for ei stund.[1]

Bakgrunn endre

Etter nederlaget i slaget ved Almansa var den britiske situasjonen desperat. Dei var ikkje lenger til stades i det søraustlege området i Spania og hadde liten eller ingen innverknad i krigsforløpet der. Henri de Massue la formelt press på London for å få dei til å sende forsterkingar, og Storbritannia sende 25 000 mann. Om lag 8 000 britiske soldatar vert sendte til Portugal etter ordre frå jarlen av Galway, og resten til Catalonia.

I Portugal møtte Galway markien av Fronteira for å førebu eit samla åtak mot dei Bourbon-allierte i Spania og rykke fram mot Madrid. For å klare dette måtte dei først erobre byen Badajoz, ein spansk skanse på den portugisiske grensa. Tidlegare hadde Henri de Massue alt prøvd å ta byen utan å lukkast. Denne gongen var risikoen mindre, og han visste at Frankrike hadde trekt attende styrkane sine etter at Ludvig XIV hadde hatt fleire nederlag på kontinentet. Den engelsk-portugisiske armeen hans kryssa grensa, med 20 000 portugisarar og 8 000 engelskmenn, nær festninga Campo Mayor, på veg mot Badajoz. Då det enorme forsyningstoget kryssa elva Caya, kom styrken i kontakt med fortroppen til det spanske kavaleriet på sletta Gudiña.

Dei allierte, som i følgje portugisiske framstillingar, bestod av 49 infanteri- og kavaleriregiment med 17 000 infanteristar og 5 000 kavaleristar, mot 40 regiment på den spanske sida. Begge sider hadde kring 20 kanonar kvar.[3]

Slaget endre

 
Henri de Massue av Christoph Weige.

Den allierte armeen hadde sett opp ni bruer over Caya og var klare til kamp. I senteret vart styrkane til markien av Fronteira sett ut, men frå her klarte dei ikkje å sjå det spanske infanteriet. På venstreflanken var den første rekkja kommandert av grev San Juan og den andre rekkja var kommandert av jarlen av Galway med tre britiske regiment. Dei allierte strekte denne flanken for å utnytte at dei hadde fleire soldatar, og slik kome rundt på flanken til spanjolane.

Etter fleire åtak for å tiltrekkje seg den engelsk-portugisiske styrken, sendte Marquis de Bay - som kommanderte det spanske kavaleriet på høgreflanken - spanjolane i åtak mot den første rekkja. Det erfarne spanske kavaleriet sendte portugisarane på flykt og greven av San Juan prøvde desperat å omorganisere soldatane sine, men mislukkast og vart teken til fange. Det spanske kavaleriet tok òg eit artilleribatteri.

Lord Galway sette så i gang eit åtak for å ta batteriet med tre regiment. Dei spanske dragonane gjekk av hestane sine og gjekk til åtak på dei framrykkande engelskmennene, medan det spanske kavaleriet dominerte sletta og engelskmennene prøvde å trekkje seg attende til ein bygning. Galway tok så til hest og flykta. Lord Barrymore og general Pearse vart tekne til fange. Det britiske regimentet vart stort sett utsletta og dei fleste vart anten drepne eller teken til fange. Det spanske kavaleriet følgde etter dei allierte og tok drap 1500, medan 1000 vart tekne til fange.

Den første og andre rekkja til den engelsk-portugisiske flanken flykta. Engelske oberst Ally, som kommanderte senteret, hadde ikkje lenger noko kavaleri og flykta òg, sjølv før det spanske infanteriet nådde sletta. Dei etterlet faner, telt, bagasje og kanonar på sletta, før dei kryssa Caya, utan å øydeleggje bruene etter seg.

Etteverknad endre

 
Kong Filip V av Spania av Miguel Jacinto Meléndez.

Portugisarane og engelskmennene vart grundig slått, med store tap, om lag 4 000 mann, 17 kanonar, 15 faner, samt telt og bagasje. Spanjolane mista berre kring 400 mann og 100 hestar.[3] Dei allierte klarte ikkje, trass i førebuingane og at dei var langt fleire soldatar, å erobre Badajoz.

Kjelder endre

  • Denne artikkelen bygger på «Battle of La Gudina» frå Wikipedia på engelsk, den 26. mai 2011.
  • Hargreaves-Mawdsley, W. N. Eighteenth-century Spania, 1700-1788: A political, diplomatic and institutional history. Rowman and Littlefield (1979) ISBN 978-0-8476-6048-3
  • O'Callaghan, John Cornelius. History of the Irish brigades in the service of Frankrike,: From the revolution in Storbritannia and Ireland under James II., to the revolution in Frankrike under Louis XVI. (1887) ASIN B000859OQS
  • Stanhope, Philip Henry. History of the War of the Succession in Spain. London, John Murray (1832).
  1. 1,0 1,1 Mawdsley p.32
  2. Stanhope, s. 283
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 3,8 O'Callaghan s.271