Henrietta Swan Leavitt

amerikansk astronom

Henrietta Swan Leavitt (4. juli 186812. desember 1921) var ein USA-amerikansk astronom. Ho er mellom anna kjend for periode-lysstyrkerelasjonen til kefeide-stjerner.

Henrietta Swan Leavitt

Fødd4. juli 1868
Lancaster
Død12. desember 1921
Cambridge i Massachusetts
NasjonalitetUSA
Områdeastronomi
Yrkeastronom, human computer
InstitusjonarHarvard University
Harvard-observatoriet
Alma materRadcliffe College
Harvard University
Oberlin College
MedlemPhi Beta Kappa
Harvard Computers
American Astronomical Society
American Association for the Advancement of Science
American Association of University Women
American Association of Variable Star Observers

Karriere

endre

Leavitt arbeidde ved Harvardobservatoriet, der ho leia avdelinga for fotometri. Ho blei opphavleg tilsett som reknar, eller «computer», i 1893. Her fekk ho i oppgåve å undersøka fotografiske glasplater og måla og katalogisera lysstyrken til stjernene.[1]

Leavitt studerte mellom anna variable stjerner i dei magellanske skyene. Ho identifiserte 1 777 variable stjerner, og publiserte resultata i ein artikkel i 1908 med følgjande merknad; dess lysare stjerne, dess lengre lysperiode.[2][3]

I 1912 oppdaga ho periode-lysstyrkerelasjonen for kefeidar.[4] Leavitt fekk lite anerkjenning i si levetid, men oppdaginga hennar gjorde at astronomar først kunne måla avstanden mellom jorda og fjerne galaksar.[5] Etter at ho døydde brukte Edwin Hubble periode-lysstyrkerelasjonen til kefeidane saman med raudforskuving til å avgjera at universet ekspanderer (sjå Hubbles lov).

Kjelder

endre
  1. Emily A. Margolis & Samantha Thompson. «Remembering Astronomer Henrietta Swan Leavitt» (på engelsk). The Center for Astrophysics – Harvard & Smithsonian. Henta 26. desember 2023. 
  2. Leavitt, H. S. (1908). «1777 variables in the Magellanic Clouds». Annals of Harvard College Observatory 60: 87–108.  Sjå særleg Table VI; 106–107.
  3. Simone Iovenitti. «Henrietta Swan Leavitt: Shortening Astronomical and Societal Distances» (på engelsk). Cherenkov Telescope Array. Henta 26. desember 2023. 
  4. Leavitt, H. S. & Pickering, E. C. (1912). «Periods of 25 Variable Stars in the Small Magellanic Cloud». Harvard College Observatory Circular 173: 1–3. 
  5. «Henrietta Swan Leavitt» (på engelsk). Encyclopedia Britannica. Henta 26. desember 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Wikifrasar har ei sitatsamling som gjeld: Henrietta Swan Leavitt