Henriette Steenstrup

norsk skodespelar

Henriette Steenstrup (fødd 29. september 1974) er ein norsk komikar og skodespelar. Ho er kjend for rolla som «Edel» i humorprogram som Torsdag kveld frå Nydalen og Dritseint med Edel. Ho har òg hatt roller i ei rekkje norske filmar og TV-seriar, og i 2021 fekk ho stor suksess som skaparen og hovudrolleinnehavaren av serien Pørni.[1]

Henriette Steenstrup
Fødd29. september 1974 (49 år)
Aktive år1997–
Verka somskodespelar, komikar, stemmeskodespelar, manusforfattar
EktefelleFridtjov Såheim, Rune Assmann
PrisarGullruten for beste skodespelar, Gullruten for beste manus

Bakgrunn endre

Far hennar var lærer, og mora var tilsett i NRK.[2] Allereie som barn ynskte Steenstrup å verta skodespelar, og ho opptredde som barn i vignetten til Kroppen[3] og dessutan i Skomakergata og i HalvsjuNRK Fjernsynet. Som voksen vart ho først kjend gjennom NRK1 sitt barneprogram Kykelikokos.[2]

Steenstrup er tilsett ved Nationaltheatret, der ho har spelt tittelrolla i Pippi Langstrømpe og Hilde Wrangel i Byggmeister Solness. Ho starta hausten 2008 innspelinga av TV 2-serien En god nummer to, der ho sjølv stod for idé og hovudrolle. Det er ein dramakomedie, der handlinga er lagt til Nationaltheatret. Det er første gongen det vert laga ein serie frå skodespelarmiljø i Noreg.

Hausten 2009 byrja ho i TV 2-programmet Torsdag kveld frå Nydalen. Ho vann Komiprisen 2014 i klassa årets kvinnelege scenekomikar for førestillinga En får væra som en er – en Ole Ivars musikal og var i tillegg nominert til årets kvinnelege TV-komikar. Hausten 2014 dukka Steenstrup opp i TV 2 som Edel Hammarmark Gjervan i humorprogrammet Dritseint med Edel[4]. I 2020 vart ho programleiar i spørjeprogrammet Alle mot alleTVNorge saman med Jon Almaas.

Privatliv endre

Ho var tidlegare gift med skodespelaren Fridtjov Såheim.[5] Dei var begge med i serien Nårje som våren 2012 vart send på TV 2. Begge spelte i musikal-humor-drama-serien En får væra som en er somaren 2019. I 2019 gifta ho seg med Rune Assmann.

Utvald filmografi endre

  • 2020 – Ragnarok
  • 2019 – Hjelperytteren
  • 2016 – Welcome to Norway
  • 2015 – Kvinner i for store herreskjorter
  • 2014 – Jakta på Berlusconi
  • 2012 – Som du ser meg
  • 2011 – Få meg på, for faen!
  • 2011 – Jeg reiser alene
  • 2010 – Hjem til jul
  • 2010 – Sammys eventyr – Den hemmelige passasjen (stemme)[6]
  • 2009 – Bolt
  • 2007 – Mars & Venus
  • 2006 – Trøbbel
  • 2006 – Gymnaslærer Pedersen
  • 2005 – Thomas Hylland Eriksen og historien om origamijenta
  • 2003 – Mors Elling
  • 2000 – Fråtseri
  • 1999 – Fomlesen i kattepine
  • 1997 – Budbringeren

TV-seriar endre

  • 2021 – Pørni – hovudrolle og skapar (Viaplay)
  • 2020 – Edda (Netflix)
  • 2019 – Ein får væra som en er (TV 2)
  • 2013 – Lilyhammer, sesong 2 (NRK/Netflix)[7]
  • 2009 – En god nummer to (TV 2)

TV-opptredenar endre

  • Alle mot alle (2020–)
  • Nytt på nytt (2016)
  • Meglerene (2014)
  • Dritseint med Edel (2014, 2015)
  • Gullruten 2013 og Gullruten 2014, programleiar
  • Brille (2012)
  • Nårje 1 og 2 (2012 og 2013)[8]
  • Torsdag kveld fra Nydalen (2009–2011)[9]
  • Kykelikokos (1996)

Kjelder endre