Henrik Christian Lie (17. november 18613. april 1945) var ein kontorist og politikar frå Røros. Han var stortingsmann 1910-12 for kjøpstadene i Nordland og partiet Frisinna Venstre.

Henrik C. Lie
Fødd 17. november 1861
Røros
Død

3. april 1945

Yrke politikar

Lie var son til ein oppsynsmann på Røros. I yngre år arbeidde han på kontoret til Rørosbanen og var telegrafist i Meråker. Frå 1881 arbeidde han på kontor i Trondheim, kontorfullmektig frå 1893. Han fekk seg i 1898 stilling som distriktskasserar i Narvik, bokhaldar i same byen frå 1911.

Lie var medlem i bystyret i Narvik frå 1901, også med i skulestyret i byen. Valperioden 1910-12 representerte han einmannskrinsen Bodø og Narvik på Stortinget, der han hadde plass i Jarnbanekomiteen. På tinget sokna han til Frisinna Venstre.

Han vart gravlagd i Oslo.

KjelderEndra