Henrik Kaarstad-huset

Henrik Kaarstad-huset er det eldste huset ved Høgskulen i Volda og stod ferdig i 1922. Huset vart teikna av arkitekten Øyvin Berg Grimnes.[1] Det er kalla opp etter Henrik Kaarstad, ein av grunnleggjarane og mangeårig rektor ved Volda lærarskule. Huset vart i 2015-2016 innvendig renovert for ca. 65 millionar kroner og fekk mellom anna oppgradert ventilasjon og brannsikring.

Henrik Kaarstad-huset 2015.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre