Øyvin Berg Grimnes

Øyvin Berg Grimnes (fødd 20. mai 1887 i Ålesund, daud 1980) var byarkitekt i Ålesund, seinare òg bygningssjef. Han arbeidde i Ålesund frå 1919 til 1954, seinare var han privatpraktiserende arkitekt.

Øyvin Berg Grimnes
Fødd 20. mai 1887
Ålesund
Død

1980
Ålesund

Yrke arkitekt
Øyvin Berg Grimnes på Commons
Løvenvold kino var eitt av husa Grimnes teikna. Han var òg kinosjef i Ålesund.

Etter fullført utdanning ved Bergen tekniske skole i 1905 arbeidde han ved fleire arkitektkontor i USA i 10 år. I 1916 fekk han jobb hos Morgenstierne & Eide i Oslo. Der var han i tre år før han i 1919 flytta til Ålesund.

Øyvin Berg Grimnes var onkel til historikaren Ole Kristian Grimnes.

ByggEndra

  • Aspøy skole, Ålesund (oppført 1919-1922)
  • Henrik Kaarstad-huset, Volda lærarskule (ferdig 1922)
  • Løvenvold kino (ferdig 1923)
  • Sjømanns kvile
  • Langevåg kyrkje (1941-48)
  • Øvre Gravlund  krematorium (1956)
  • Valderøy kyrkje (1961)

KjelderEndra