Heptose

monosakkarid som inneheld sju karbonatom

Heptosar er monosakkarid som inneheld sju karbonatom. Dei kan delast inn etter kva for posisjon den funksjonelle gruppa har. Aldoheptosar har ei aldehydgruppe i 1-posisjon og ketoheptosar har ei ketongruppe i 2-posisjon.

Sedoheptulose
Mannoheptulose

Berre eit fåtal heptosar er kjende frå naturen. Blant desse er sedoheptulose, mannoheptulose, som finst i avokadoar, og L-glysero-D-manno-heptose.

Aldoheptosar har fem kirale senter, medan ketoheptosar har fire.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre

  Commons har multimedium som gjeld: Heptose
  Denne kjemiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.