Avokado

Frida Elisabeth advokat goodwill ført dobbel nummerering avokado
Avokado
Avokado
Avokado
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Laurales
Familie: Laurbærfamilien Lauraceae
Slekt: Persea
Art: Avokado P. americana
Vitskapleg namn
Persea americana

Avokadoen (Persea americana) er eit tre som høyrer til laurbærfamilien (Lauraceae). Planten kjem opphavleg frå sørlege Mexico og Mellom-Amerika. Han er blitt dyrka i fleire tusen år, og truleg hausta vilt før dette.[1] I dag blir det dyrka over 400 sortar i tropiske område over heile verda, til dømes i Brasil, Indonesia, Israel, Sør-Afrika, USA og Australia.[1]

Etymologi og historie endre

Ordet «avokado» stammar frå nahuatl-ordet ahuacatl som også tyder ‘testikkel’. Spanjolane gjorde det om til avocado – eit uttrykk dei var vande med, sidan det var eit gammalt ord for ‘advokat’. Tidlegare blei avokadoen også kalla abacata (frå portugisisk).

Ordet «guacamole», som er eit meksikansk ord for ein dipp laga av avokado, kjem frå nahuatl-ordet ahuacamolli (‘avokadosuppe’, ‘avokadosaus’).

Frukta vart første gong nemnd i ei bok i 1519.

Eigenskapar endre

 
Blomar og blad på avokadotreet.
 
Avokado på treet

Avokadotreet kan veksa seg opp til 20 meter høgt. Det er eviggrønt og veks raskt i varme og relativt tørre område. Treet har mørkegrøne, opp til 40 cm lange blad. Dei små blomane er gulgrøne. Etter omtrent 10 år byrjar treet å bere frukt. Dei fleste sortane ber frukt to gonger årleg. Den mest kjende avokadosorten er hass-avokado med sitt mørkegrøne, knudrete skal. Andre sortar som blir brukt til dyrking er bacon-avokado (sjå bilete), fuerte-avokado og zutano-avokado. Den minste er cocktail-avokado. Avokadofrukta inneheld mykje umetta feittsyre. Nokon sortar har vore i bruk i medisinske samanhengar til dømes som bakterisid og mot diare.

 
Oppskoren avokado

Avokadofrukt endre

Avokadofrukta, som opphavleg er eit bær, er rund til pæreaktig i fasongen og har ein nøtteaktig smak. Det lêraktige skalet varierer med sortane frå grøn til mørkegrøn. Steinen inni ein vaksen frukt er om lag så stor som ein golfball. Fruktkjøtet er gulgrønt til gullgult, men fargar seg mørkt dersom det blir utsett for luft (pga. oksidering).

Fruktene som ein får i butikk er ofte framleis harde, og modnar etter kvart. Når skalet gir etter for lett trykk, er avokadoen moden nok til matbruk.

Avokadofrukter modnar aldri fullstendig på treet, men dett ned på bakken i hard tilstand der dei modnar fort. Under dyrkinga blir dei harde fruktene plukka så fort dei er store nok. Ved å la dei vera på treet kan ein lagra dei lengre.[1]

Som mat endre

 
Guacamole laga av avokado.

Medan skalet ikkje er etande, er fruktkjøtet rundt steinen veldig næringsrikt. Kjøtet er mjukt, kremaktig og ikkje søtt. Før ein et frukta vert den normalt delt i to. Steinen kan fjernast til dømes ved hjelp av ei skei, slik at ein kan ta ut det smøraktige fruktkjøtet. Kjøtet kan etast ublanda. Krydra med litt sitron- eller limesaft og salt, kan avokadomos brukast som påleggbrødskiver eller som saus til dømes på maispannekakeer (tortilla). Sitron- eller limesaft hindrar oksidering og dermed at fruktkjøtet fargar seg brunt.

Avokado blir ofte brukt til vegetarisk sushi. I det brasilianske kjøkkenet vert avokado brukt i milkshake (såkalla: «vitamina de abacate») og iskrem. Det vegetare kjøkkenet sett pris på avokadoen som erstatning for kjøt eller ost.

Ei kjend oppskrift er den meksikanske guacomolen, som er ein dipp laga av most avokado, tomatar, chili og fersk koriander.

Næringsinnhald endre

Per 100 gram:

Energi: 221 kcal
Fiber: 6,3 g
Karbohydrat: 0,4 g
Feitt: 23,5 g
Protein: 1,9 g
Vatn: 66 %

Avokadoen er rik på kalium, folsyre og vitamin B6. I tillegg inneheld frukta pantothensyre, A- og C-vitaminar, magnesium, kopar, nikotinsyre, jern og sink.

Annan bruk endre

Aztekarane brukte avokadoolje og andre delar av planta. I dag bruker ein også avokadoen til kosmetikk og medikament. Det blir dessutan laga møblar av trevyrket.

Botaniske særpreg endre

Barlow og Martin har funne ut at avokadoplanta har utvikla seg i økologisk samband med store pattedyr som no er utdøydd (til dømes bakkdovendyr og sør-amerikanske gomphotheriidar). Dyra åt avokadofrukter med den svakt giftige steinen som seinare kom ut med avføringa langt frå morplanta. I dag er det berre menneske som spreier avokadosteinane.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Persea americana (avocado)», Royal Botanic Gardens, Kew (kew.org). Henta 22. juli 2015.

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Avokado
  • Nadja Biedinger: Die Welt der Tropenpflanzen, Köln 2000
  • Connie Barlow og Paul Martin: The Ghosts of Evolution: nonsensical fruit, missing partners and other ecological anachronisms, 2002