Heradstveit er ein gard i Kvam herad i Hardanger. Garden ligg på om lag 250 moh. mellom Vikøy og Tørvikbygd ved vestsida av Hardangerfjorden,[1] og har vore i drift sidan 1600-talet. Gardshuset er i dag modernisert og gjort om til overnattingshus for turistar.[2] I tillegg er her utmarksdrift og sagbruk.[3] Kunstmålaren Mons Breidvik (1881-1950) var ei tid busett på Heradstveit.

Heradsveit
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Postnummer 5620 TØRVIKBYGD
Preposisjon Heradsveit

Ifylgje bøkene til Halldor O. Opedal var Heradstveit eit gamalt skilje mellom å-lyd og ao-lyd i Hardanger. Innanfor Heradstveit, mot Norheimsund og lenger inn i Hardanger, sa ein ao for å i ord som båt, blå og grå. Utanfor Heradstveit uttalte ein desse orda med å-lyd utan diftong.[4]

Fotnotar endre

  1. «Norgeskart», www.norgeskart.no, henta 21. juni 2023 
  2. Heradstveit Herberge, arkivert frå originalen 9. juni 2013, henta 12. juli 2013 
  3. Velkomen til Heradstveit Sagbruk!, arkivert frå originalen 22. juni 2013 
  4. Opedal, Halldor O. (2005) Hardingmålet. Ord og vendingar og stil. Ny og auka utgåve ved Oddmund Hus.