Tørvikbygd
Tørvikbygd er ei bygd i Kvam herad i ytre Hardanger i Vestland. Staden ligg på vestsida av Hardangerfjorden, ved riksveg 49, og har ferjesamband med Jondal på austsida av fjorden. Frå Tørvikbygd er det om lag 13 km. til kommunesenteret Norheimsund.
Tørvikbygd | |||
stad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Vestland | ||
Kommune | Kvam | ||
Postnummer | 5620 TØRVIKBYGD | ||
Preposisjon | i Tørvikbygd | ||
![]() Tørvikbygd |
I Tørvikbygd ligg Tørvikbygd Bygdemuseum og barneskulen Tørvikbygd skule.
KommunesogeEndra
Fram til 1846 høyrde Tørvikbygd til Strandebarm kommune, då vart Tørvikbygd med i den delen som vart skild ut som Jondal kommune. I 1965 vart Tørvikbygd-krinsen overførd til Kvam i ei kommuneregulering.