Opna hovudmenyen

«Here Comes Santa Claus (Down Santa Claus Lane)» er ein julesong skriven av Gene Autry og Oakley Haldeman.

«Here Comes Santa Claus»
Låtskrivar Gene Autry
Oakley Haldeman
Publisert 1947
Innspelt av Gene Autry, Elvis Presley, Doris Day, Bing Crosby and the Andrews Sisters, Ray Conniff Singers, Alvin and the Chipmunks, Bob B. Soxx & the Blue Jeans, Willie Nelson, The Wiggles, Billy Idol, Bob Dylan, Mariah Carey, Chicago

Autry fekk ideen til songen då han reid hesten sin i Santa Claus Lane Parade i 1946 (no Hollywood Christmas Parade) i Los Angeles då folk som såg på ropte «Here comes Santa Claus». Dette inspirerte han ti å skrive ein song som Haldeman sette melodi til. Ei demoinnspeling vart laga av songaren og gitaristen Johnny Bond, som på innspelinga brukte isbitar til å etterlikne lyden av bjølleklang. På innspeligna til Autry vart det nytta verkelege bjøller.

Autry spelte først inn songen i 1947 og gav han ut på singel på Columbia Records. Han nådde femteplassen på countrylista og niandeplassen på poplista i USA.[1] Autry framførte songen i filmen The Cowboy and the Indians i 1949. Han spelte inn songen på nytt for Columbia i 1953 og nok ein gong for Challenge Records i 1957.

Elvis Presley spelte inn ein annan populær versjon av songen for Elvis' Christmas Album i 1957. Andre artistar som har spelt songen er mellom andre Doris Day (1949), Bing Crosby and the Andrews Sisters (1950), Ray Conniff Singers (1959), Keely Smith (1960), Alvin and the Chipmunks (1961), Bob B. Soxx & the Blue Jeans (1963), Hank Thompson (1964), Willie Nelson (1979), The Wiggles (1997), Billy Idol (2006), Bob Dylan (2009), Mariah Carey (2010), Chicago (2011) og Glee (2013).

KjelderEndra

  1. Whitburn, Joel (2008). Hot Country Songs 1944 to 2008. Record Research, Inc. ISBN 0-89820-177-2.