Opna hovudmenyen
Elvis' Christmas Album
Studioalbum av Elvis Presley
Utgjeve 15. oktober 1957
Innspelt 1957
Sjanger Julemusikk, country, gospel, rock and roll
Lengd 30:09
Selskap RCA Victor
Produsent Steve Sholes
Elvis Presley-kronologi
Loving You
(1957)
Elvis' Christmas Album Elvis' Golden Records
(1958)
Singlar frå Elvis' Christmas Album
  1. «Peace in the Valley»
    Utgjeve: 1957
  2. «Blue Christmas»
    Utgjeve: 1964

Elvis' Christmas Album er det fjerde studioalbumet og det første julemusikkalbumet til Elvis PresleyRCA Victor i oktober 1957. Det var spelt inn i Radio Recorders i Hollywood. Albumet har blitt gjeve ut fleire gonger gjennom åra på forskjellige format. Det låg fire veker på toppen av Billboard Top Pop Albums-lista, og var det første av to album med julemusikk som Presley spelte inn. Det andre var Elvis Sings the Wonderful World of Christmas, gjeve ut i 1971.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[1]
MusicHound4.5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar half.svg[2]
The Rolling Stone Album Guide5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[3]
Rough Guides5/5 starsStar full.svgStar full.svgStar full.svgStar full.svg[4]

I følgje seinare sertifiseringar hos Recording Industry Association of America, har Elvis' Christmas Album seld minst 13 millionar eksemplar i USA (tre millionar av originalutgåva frå 1957 og ti millionar av «billigutgåva» som først kom ut på RCA Camden i 1970 og så på Pickwick Records i 1975).[5] Det er det første Presley-albumet som selde til diamantplate i USA og det bestseljande julealbumet gjennom tidene i USA. Albumet har seld 15 millionar eksemplar verda over.[6]

InnhaldEndra

Den originale plata frå 1957 bestod av åtte julesongar og fire gospel-songar som tidlegare var gjevne ut på EP-en Peace in the Valley i mars 1957, og nådde tredjeplassen på popalbumlista og 39. plassen på singellista.[7] Dei to albumsidene var delt inn med dei sekulære julesongane på den eine sida, med to tradisjonelle julesongar og gospelsongane på den andre. Desse to inkluderte spirituals av nyskaparane Thomas A. Dorsey, «Peace in the Valley» og «Take My Hand, Precious Lord». Tilfeldigvis kom A Jolly Christmas from Frank Sinatra ut månaden før og var òg delt inn på same måten med ei sekulære og ei tradisjonell side.

Dei fleste songane var tradisjonelle julesongar, som «White Christmas» og «Silent Night», og to nye songar av dei faste låtskrivarane til Presley. Ein var «Santa Bring My Baby Back (to Me)» og den andre (valt ut av Elvis for å opne albumet) var ein blues-basert rock and roll-låt, «Santa Claus Is Back in Town», skriven av Jerry Leiber og Mike Stoller.

Elvis hadde bede Leiber og Stoller om å skrive ein julesong til han, og i løpet av få minutt hadde dei skrive ein song klar for innspelinga. Han heitte opphavleg «Christmas Blues», og er ein slu og vågal song der Elvis gjev alt i vokalen og han og bandet var fast bestemt på at dette julealbumet skulle leggast merke til.[8] Det meste av resten av albumet vart framført på meir tradisjonelt vis som høvde den høgtidlege julestemninga.

«Silent Night» og «O Little Town of Bethlehem» vart arrangert av Elvis Presley sjølv.

Bing Crosby-songen «White Christmas», som gjekk inn på Billboard-lista kvart år frå 1942 til 1962, vart senteret i ein kontrovers då albumet kom ut, då låtskrivaren Irving Berlin bad om å få songen og heile albumet bannlyst frå radio.[9] Etter å ha høyrt Presley sin versjon av songen, som Berlin såg på som ein «spottande parodi av hans nære julesong», fekk han sine tilsette i New York til å ringe radiostasjonar over heile USA og kravde at versjonen ikkje vart spelt meir på radio. Dei fleste stasjonane ignorerte dette, men minst ein programleiar fekk sparken for å ha spelt ein song frå albumet, og dei fleste kanadiske stasjonane nekta å spele albumet.[10]

Kontroversen kom ironisk nok av at Elvis spelte songen på liknande vis som versjonen til Clyde McPhatter si gruppe, The Drifters, som hadde vore ein Topp 10-hit på R&B-lista i 1954 og 1955. I motsetnad til Elvis-versjonen var det ingen reaksjonar mot versjonen deira, og i alle fall ikkje frå Irving Berlin. Dette kom delvis av at The Drifters-versjonen av «White Christmas» var mindre kontroversiell sidan han berre vart spelt på svarte radiostasjonar. Elvis Presley-versjonen gjorde at The Drifters-versjonen fekk større merksemd og vart mellom anna nytta i filmen Hjemme alene i 1990.

Den originale innpakkingaEndra

Den originale utgåva 1957 av Elvis' Christmas Album kom med eit lite raudt hefte med bilete frå den tredje filmen til Elvis, Jailhouse Rock. Enno sjeldnare enn omslaget og sjølve plata er ein gullfarga prislappforma «gåvelapp» som var klistra på omslaget og sa «TO __________, FROM _____________, ELVIS SINGS», etterfølgd av spelelista. Originale kopiar med dette gullmerke på er blant dei mest verdifulle Elvis-albuma i dag blant samlarar. I tillegg fanst det avgrensa versjonar i raud vinyl.

UtgjevingarEndra

Den andre nye songen på albumet, «Santa, Bring My Baby Back to Me» vart gjeven ut med «Santa Claus Is Back In Town», og kom ut i Storbritannia med albumet. Singelen nådde sjuandeplassen på UK Singles Chart i november 1957.[11]

Det vart ikkje gjeve ut singlar frå albumet i USA før i 1964, då «Blue Christmas» kom ut i lag med «Wooden Heart», og nådde toppen av Billboard Christmas Singles-lista. Ein singel med «Blue Christmas» og «White Christmas» vart ein hit i Storbritannia seint i 1964. «Santa Claus Is Back In Town»/«Blue Christmas» vart gjeven ut på singel i 1965 for den amerikanske marknaden og nådde fjerdeplassen på Billboard Christmas-lista. «Blue Christmas» gjekk inn att på Julelista mange gonger i åra som følgde.[12]

To forskjellige EP-ar, Elvis Sings Christmas Songs, i desember 1957, og Christmas with Elvis, i desember 1958, inneheldt dei åtte julesongane. Det første toppa den nyoppretta Billboard EP-lista, medan den sistnemnde ikkje gjekk inn på lista.

NyutgåverEndra

Elvis' Christmas Album kom ut på nytt to etter originalutgåva, og erstatta det ikoniske omslaget på originalen med eit nærbilete av Elvis ute i snøen. Albumet fortsette å gå inn på albumlista fram til 1962, då det hadde seld meir enn tre millionar eksemplar i USA.

Den originale Elvis' Christmas Album gjekk ut av opplag seint i 1960-åra. Interessa i albumet fekk RCA til å trykke ei ny utgåve på billigetiketten RCA Camden i november 1970. Denne versjonen kom utan dei fire gospelsongane frå Peace in the Valley EP-en og la til julesingelen «If Every Day Was Like Christmas», frå jula 1966, i lag me B-sida «Mama Liked the Roses» frå 1970, som ikkje var ein julesong. Desse to sistnemnde songane var ikkje gjevne ut på album før. Med ti spor og ei kortare speletid passa det inn i standarden for ei billigutgåve. Dei religiøse og sekulære julesongane var òg blanda. Det første omslaget av denne utgåva likna omslaget frå 1958, men bestod av eit nyare fotografi av Elvis frå midten av 1960-åra med ein blå jakke med to striper som vart nytta i filmen Speedway.

I midten av 1970-åra leigde RCA ut rettane til Camden-albuma til det nye selskapet Pickwick Records, som gav ut albumet i 1975 med nok eit nytt omslag. Før og under juletida etter Presley døydde i 1977, reklamerte Pickwick for albumet og selde det på fjernsyn via postordre til enorme sal. RCA tok raskt attende rettane til Camden-albuma og samlinga vart gjeve ut på ny som ei RCA Special Products i 1986. Det nye albumet nytta omslaget til Pickwick, men logoen til RCA og var i trykk til seint i 1980-åra, då det kom på CD. Sporlista var uendra etter RCA Camden-utgåva frå 1970.

MedverkandeEndra

InnhaldEndra

OriginalutgåveEndra

Spor 3-6 på side to vart opphavleg gjeve ut på Peace in the Valley EP, gjeve ut i april 1957.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Santa Claus Is Back in Town»  Jerry Leiber og Mike Stoller7. september 1957 2:22
2. «White Christmas»  Irving Berlin6. september 1957 2:23
3. «Here Comes Santa Claus»  Gene Autry og Oakley Haldeman6. september 1957 1:54
4. «I'll Be Home for Christmas»  Kim Gannon, Walter Kent, Buck Ram7. september 1957 1:53
5. «Blue Christmas»  Billy Hayes and Jay Johnson5. september 1957 2:07
6. «Santa Bring My Baby Back (to Me)»  Aaron Schroeder og Claude Demetrius7. september 1957 1:54
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
7. «O Little Town of Bethlehem» (arrangert av Elvis Presley)Phillips Brooks og Lewis H. Redner7. september 1957 2:35
8. «Silent Night» (arrangert av Elvis Presley)Joseph Mohr og Franz Gruber6. september 1957 2:23
9. «(There'll Be) Peace in the Valley (For Me)»  Thomas A. Dorsey13. januar 1957 3:22
10. «I Believe»  Ervin Drake, Irvin Graham, Jimmy Shirl, Al Stillman12. januar 1957 2:05
11. «Take My Hand, Precious Lord»  Thomas A. Dorsey13. januar 1957 3:16
12. «It Is No Secret (What God Can Do)»  Stuart Hamblen19. januar 1957 3:53

Camden/Pickwick-utgåvaEndra

«If Every Day Was Like Christmas» vart innspelt i RCA Studio B i Nashville, og «Mama Liked The Roses» i American Studios i Memphis i Tennessee.

Side ein
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «Blue Christmas»  Bill Hayes og Jay Johnson5. september 1957 2:07
2. «Silent Night» (arrangert av Elvis Presley)Joseph Mohr og Franz Gruber6. september 1957 2:23
3. «White Christmas»  Irving Berlin6. september 1957 2:23
4. «Santa Claus Is Back in Town»  Jerry Leiber og Mike Stoller7. september 1957 2:22
5. «I'll Be Home for Christmas»  Kim Gannon, Walter Kent, Buck Ram7. september 1957 1:53
Side to
# TittelLåtskrivar(ar)Innspelt Lengd
1. «If Every Day Was Like Christmas»  Red West10. juni 1966 2:42
2. «Here Comes Santa Claus»  Gene Autry og Oakley Haldeman6. september 1957 1:54
3. «O Little Town of Bethlehem» (arrangert av Elvis Presley)Phillips Brooks og Lewis H. Redner7. september 1957 2:35
4. «Santa, Bring My Baby Back (to Me)»  Aaron Schroeder og Claude Demetrius7. september 1957 1:54
5. «Mama Liked the Roses»  John Christopher20. april 1970 2:47

SalstroféEndra

Land Versjon Sal Salstrofé
USA 1957 RCA Victor original 3 000 000 3x platina
USA 1970s RCA Camden/Pickwick nyutgjevingar 10 000 000 Diamant
USA 1985 RCA nyutgjeving (kalla It's Christmas Time) 3 000 000 3x platina

KjelderEndra

  1. AllMusic review
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. «Elvis Presley: Album Guide». rollingstone.com. Arkivert frå originalen 18. september 2013. Henta 27. september 2016. 
  4. Simpson, Paul (2004). The Rough Guide to Elvis. London: Rough Guides. s. 111. ISBN 1-84353-417-7. 
  5. «RIAA – Gold & platina Searchable Database». Recording Industry Association of America. Henta 19. oktober 2011. 
  6. «Chart Watch Extra: The Top 40 Christmas Albums». Billboard. Henta 2. oktober 2016. 
  7. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50's Masters, 1992, insert booklet discography. US chart positions courtesy Billboard, compiled by Record Research, Inc.
  8. Guralnick, Peter. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, box set insert booklet, s. 15.
  9. Wolfe, Charles. Elvis Presley: If Every Day Was Like Christmas, liner notes, s. 4.
  10. Wolfe, Charles. Elvis Presley: If Every Day Was Like Christmas, liner notes s. 7.
  11. The King of Rock 'n' Roll: The Complete 50s Masters, 1992, discography.
  12. Whitburn, Joel (2004). Joel Whitburn Presents Billboard Christmas in the Charts: 1920-2004. ISBN 978-0-89820-161-1. 

BakgrunnsstoffEndra