Herev Le'et (hebraisk skrift חֶרֶב לְאֵת, tyder Sverd til plogskjer) er ein moshav sentralt i Israel. Han ligg på kystsletta sør for Hadera og dekkjer 1 750 mål i Heferdalen regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 796.

Herev Le'et
moshav
Herev Le'et
Land  Israel
Region Kystsletta
Distrikt Sentral
Kommune Heferdalen
Koordinatar 32°24′5.04″N 34°54′59.76″E / 32.4014000°N 34.9166000°E / 32.4014000; 34.9166000
Areal 1,75 km²
Folketal 930 (2020)
Grunnlagd 1947
 - Grunnlagd av Demobiliserte soldatar
Tilhøyrsle Jordbruksunionen
Kart
Herev Le'et
32°24′05″N 34°55′00″E / 32.4014°N 34.9166°E / 32.4014; 34.9166

Moshaven vart grunnlagd i 1947 av demobiliserte soldatar frå britiske og tsjekkoslovakiske hæren. Namnet er henta frå Jesaja 2:4;

Han skal dømma mellom folkeslag og skifta rett for mange folk. Dei skal smi sverda om til plogskjer og spyda til vingardsknivar. Folk skal ikkje lyfta sverd mot folk, ikkje lenger lærast opp til krig.[1]

Kjelder endre