Herman Sachnowitz

Herman Sachnowitz (fødd 13. juni 1921 i Larvik, død 5. mars 1978 i Oslo) var ein norsk kjøpmann. Han var ein av særs få jødar som overlevde deportasjonen til dei tyske og polske konsentrasjonsleirane under den andre verdskrigen.

Herman Sachnowitz
Nasjonalitet Noreg
Statsborgarskap Noreg
Fødd 13. juni 1921
Larvik
Død

5. mars 1978 (56 år)
Oslo

Kjende verk Det angår også deg
Far Israel Leib Sachnowitz
Mor Sara Sachnowitz
Ektefelle Paula Damelin
Sveins gate 15: barndomsheimen til Herman Sachnowitz.
Foto: Morten Bakkeli
Snublestein i Larvik.
Foto: Christian Michelides

Konsentrasjonsleir endre

Sachnowitz var ein av 772 norske jødar som vart deporterte til Auschwitz. Den 26. oktober 1942 vart han arrestert og send til Berg fangeleir saman med andre menn i familien etter ordre frå lensmannen Gran i Stokke.[1] Deportasjonen til Tyskland hende med slaveskipet DS «Donau» den 26. november 1942. Berre 34 av dei deporterte jødane overlevde opphaldet i Auschwitz og dei andre konsentrasjonsleirane. Sachnowitz deltok i dødsmarsjen frå Buna-leiren den 18. januar 1945, der dei gjekk 80 km den første dagen. Han anslo at det var om lag 100 000 fangar som gjekk i kolonnen, dei fleste døydde under marsjen. Frå Gliwice vart dei sende med tog i ti dagar igjennom Tsjekkoslovakia og Austerrike til leiren Dora ved Nordhausen. Fangane i Dora og Buchenwald arbeidde i underjordiske fabrikkar med framstilling av missila V1 og V2.[2] Sachnowitz var vitne til at mange lik vart brunne utanfor leiren i store bål eller sende til krematoriet i Buchenwald.[3] På slutten av den andre verdskrigen vart Sachnowitz og medfangane sende frå Dora delvis til fots til Bergen-Belsen som vart frigjord av britiske styrkar.[4] Sachnowitz var den einaste gjenlevande nordmannen i Bergen-Belsen, og vart den 28. april 1945 evakuert saman med andre fangar til sjukehus i Eindhoven. Dernest vart han send til eit sjukehus i København for å få behandling.[5]

Familie endre

Herman Sachnowitz var son av Israel Leib Sachnowitz (f. 1880) frå Krasjapolja i Russland og Sara Sachnowitz (f. 1885) frå Riga, Latvia. Mora døydde då barna var små. Faren og alle søskena i Sachnowitz-familien vart arrestert i 1942, og deportert til konsentrasjonsleirane i Polen og Tyskland. Herman mista faren, tre søstrer og fire brør i Auschwitz. Faren og søstera Marie (f. 1911) døydde i gasskammeret i Auschwitz like etter dei kom fram til Auschtwitz. Søstrene Rita (f. 1915) og Frida (f. 1923) kom til Auschwitz i ein annan fangetransport enn den resten familien, og Herman hadde grunn til å tru at også dei hadde vorte drepne i gasskammeret umiddelbart etter at dei kom til Auschwitz. Frida og Rita døydde truleg i Auschwitz i april 1943. Broren Samuel Sachnowitz (f. 1912) døydde 11. januar 1943 i Auschwitz. Elias Sachnowitz (f. 1911) døydde 22. februar 1943 i Auschwitz. Martin Sachnowitz døydde 14. mars 1943 i Auschwitz. Frank Sachnowitz (f. 1925) døydde ein gang etter august 1943 truleg i nærleiken av Hamburg.[6][7]

Etter krigen dreiv Herman vidare damekonfeksjonsforretninga «Ekko» i Prinsegata 8 i Larvik som broren hans, Elias Sachnowitz, tidlegare eigde før han vart deportert og drepen.

Herman gifta seg med svenske Paula Damelin, som tok etternamnet Sachnowitz.[8]

Boka Det angår også deg endre

Sachnowitz si forteljing om fangeopphaldet vart attgitt i boka Det angår også deg.[9] Ho vart skriven av forfattaren Arnold Jacoby.

I 2015 vart Det angår også deg kåra av ein historikarjury til ei av dei ti viktigaste norske bøkene om den andre verdskrigen.

Kjelder endre

  1. Sachnowitz & Jacoby (1976) s. 11.
  2. Sachnowitz & Jacoby (1976) s.177-183.
  3. Sachnowitz & Jacoby (1976) s.203.
  4. Aftenposten 8.5.1985.
  5. Sachnowitz & Jacoby (1976) s.226.
  6. Våre falne: 1939-1945. Grøndahl. 1951. 
  7. Sachnowitz, Herman (1979). Det angår også deg (2. oppl utg.). Cappelens Forlag. s. 103. ISBN 82-02-04333-6. 
  8. «Et litterært minnesmerke: Om mennene som skrev "Det angår også deg"». Laagendalsposten (Kongsberg). 12. september 1978. s. 7. 
  9. Aftenposten – Nekrolog over Herman Sachnowitz (7. mars 1978, s.26)

Litteratur endre