Fabeldyr og hvor de er å finne
Fabeldyr og hvor de er å finne, originaltittel Fantastic Beasts and Where to Find Them, er ei bok skriven av den britiske forfattaren J.K. Rowling. Ho er eit supplement til Harry Potter-serien, og førestiller ei av hovudpersonen Harry Potter sine skulebøker frå Galtvort. Den oppdikta forfattaren av boka er Salmander Fisle, og Albus Humlesnurr, rektor ved Galtvort, skal ha skrive føreord.
Inntektene frå salet av boka vart gjevne til Comic Relief, ein velgjerande organisasjon. Boka vart utgjeven i 2001, både i Storbritannia og i Noreg. Den norske omsetjinga er ved Torstein Bugge Høverstad.
Boka tek for seg dei fleste magiske dyreartane som vert omtala i Harry Potter-serien, i tillegg til noko om korleis trollmenn skjuler desse for «gompane» (vanlege folk/dei umagiske). Ho inneheld òg ein tekst om tilhøvet mellom gompar og magiske dyr gjennom tidene.
Personar i boka
endreSalamander Fisle | |
Fullt namn | Salmander Artemis Fido Fisle[1] |
Originalnamn | Newton Scamander[2] |
Fødd | 1897[3] |
Art | Menneske, Trollmann. |
Blodstatus | Halvblods eller fullblods[4] |
Titlar | Professor, Rektor. |
Kjønn | Mann |
Hårfarge | Kvit, tidlegare svart. |
Hudfarge | Lys |
Familie | Porpentina Fisle (kone), Fru Fisle (mor), Rolf Fisle (barnebarn), Fisle-familien. |
Yrke | Magizoologist i Magidepartementet, rektor på Galtvort høyere skole for hekseri og trolldom. |
Galtvorthus | Håsblås[5] |
Lojalitet | Magidepartementet, Håsblås, Fisle-familien, Merlin-ordenen, Galtvort. |
Salamander Fisle (1897-1991/1992)[6], den fiktive forfattaren av boka, er ein kjend magizoologist i Harry Potter-serien. Fisle fekk tidleg interesse for vesen i magiverda, ettersom mora dreiv med avl av hippogriffar. Etter å ha gått på og tatt eksamen ved Galtvort, byrja han å jobbe i Magidepartementet. I 1918 skreiv Fisle den bestseljande boka Fabeldyr og hvor de er å finne og blei ein respektert magizoologist. Dette førte også til at han vart rektor på Galtvort. I privatlivet gifta han seg med Porpentina og fekk minst eit barn. På 1990-talet pensjonerte han seg og budde i Dorset. Han døyde ein gong i perioden 31. juli 1991 og 18. desember 1992.
Herpo den grimme var ein gresk svart trollmann og ormtunge, men er mest kjend for å etter mykje eksprimintering ha vert den fyrste som avla fram ein basilisk.
Filmatisering
endreWarner Bros. annonserte den 12. september 2013 at J.K. Rowling skulle debutere som manusforfattar i den fyrste filmen i ein planlagt filmserie basert på Fabeldyr og hvor de er å finne. Rowling har sagt at filmane som vil fokusere på livet til Salamander Fisle. Det er verken ein forgjengar eller oppfølgjar til Harry Potter-serien, men handlinga utspelar seg i same verda som i bokserien. Handlinga i den fyrste filmen skal finne stad sytti år før Potter-filmane, i 1920 i New York.[7]
Fotnotar
endre- ↑ http://no.harrypotter.wikia.com/wiki/Salmander_Fisle
- ↑ http://harrypotter.wikia.com/wiki/Newton_Scamander
- ↑ Fabeldyr og hvor de er å finne
- ↑ Fabeldyr og hvor de er å finne
- ↑ www.pottermore.com: Håsblås introduksjon (Kan sjåast m.a. her)
- ↑ Fisle må ha døydd ein gong i perioden 31. juli 1991 og 18. desember 1992, fordi J.K. Rowling har sagt i intervju (på engelsk:) «all the portraits you see in the headmaster's study are all headmasters and mistresses who died». Ein kan sjå eit portrett av Fisle i filmatiseringa av Harry Potter og Mysteriekammeret, i ein scene som gjekk føre seg 18. desember 1992. Også i Harry Potters kopi av Fabeldyr og hvor de er å finne (kjøpt 31. juli 1991) blir det nemnt kvar Salamander bur, altså levde han på det tidspunktet.
- ↑ Tartaglione, Nancy (12. september 2013). «Warner Bros, J.K. Rowling Team For New ‘Harry Potter’-Inspired Film Series» (på engelsk). Deadline Hollywood. Henta 3. oktober 2013.